Forside > Utforsker > Område > Stølsheimen landskapsvernområde

Utforsk Stølsheimen landskapsvernområde!

I Stølsheimen kan du oppleve eit vakkert, variert og dramatisk landskap som strekker seg frå fjord til fjell. Det er eit nedbørsrikt område som gir frodig vegetasjon.

Stølsheimen har mange myrområde, vatn, elvar og høge fossar. Her er få moderne inngrep, men mange spor etter tidlegare tiders bruk. Fangstanlegg med dyregraver viser at Stølsheimen har vore eit viktig leveområde for villrein i lang tid.

Stølsheimen er i dag eit område for det enkle og naturvennlege friluftslivet. Gjennom eit nettverk av merka turstiar og hytter kan du oppleve fleire av dei tradisjonsrike stølsområda. Det er ikkje uvanleg å sjå villrein både sommar og vinter. Det er viktig å halda god avstand og ikkje ura villreinen dersom du møter på dei.

Opplevingar

Stølsheimen er eit perfekt område for vandring og hytte til hytte-turar. Med mange startpunkt, seks DNT-hytter og eit godt utvikla stinettverk ligg alt til rette for flotte dagar i fjellet. Går du litt bort frå dei mest brukte stiane, kan du her verkeleg få oppleve naturens stillheit og ro.

Plante- og dyreliv

Frå frodig edellauvskog innerst i fjordarmane går du oppover lier dominert av bjørk og gråor til nakne rabbar med lav og mose på høgfjellet. Er du heldig kan du få eit glimt av hjort, hare eller villrein. Du kan høyre den karakteristiske lyden til heiloen eller skremme opp eit rypekull. På fjorden kan du vere heldig og sjå steinkobbe eller nise.

Kulturminne

I hundrevis av år har bøndene tatt med seg husdyr langs bratte og svingete stølsvegar til stølsdrift og sommarbeite i fjellet, heilt til den siste stølen vart lagt ned i 1972. Denne bruken har gitt namn til Stølsheimen og skapt kulturlandskapet som vi framleis har glede av i dag. Eit anna spanande kulturminne er spora etter gryteproduksjon i kleberstein.

Vernet naturområde!

Verneområdene kan ha ulike regler, så gjør deg kjent med hva som gjelder dit du skal.

Tilpass søket for