Stedjestova - dagsturhytte i Sogndal kommune

    Legg til huskeliste
    1018
    SjekkUT-besøk

    Annonse

    Stedjestova er ein av tre dagsturhytter i Sogndal kommune, og ligg på Stedjeåsen. Stedjestova ligg på 300 moh. på veg opp til Stedjeåsen. Hytta har utsyn mot sentrum i nord-aust og Storehaugen i sør. Hytta er plassert slik at den skal vere mogleg å nå for flest mogleg, også barnefamiliar.

    Turen opp er 1 km og 250 høgdemeter. Ein kan rekne med å bruke om lag 30-40 min i rolig gange.

    Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
    Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

    Les meir:

    Passer for

    • Skoleklasser
    Annonse
    Breheimen med Jostedalsbreen

    Adkomst sommer

    Næraste tilgjengeleg parkering vert ved Stedje kyrkje og Stedje barnehage. Kjem du frå Skei eller Lærdal skal du ta av frå rv. 5 til fv. 55 mot Balestrand. Etter Shell tar du av mot Stedje kyrkje. Kjem du frå Leikanger tar du rett av mot Stedje kyrkje ved Shell.Det er parkeringsavgift.

    Sør-vestover frå kyrkja og aust for bustadfeltet Stedje startar stien opp til Stedjeåsen. Halvegs til toppen ligg hytta tett på stien på ein avsats i terrenget. Stien følgjer ryggen opp Stedjeåsen, nokre plassar er stien relativt bratt undervegs.

    Frå parkering er stien godt merka med grønne dagsturhytteskilt.

    SjekkUT | Stedjestova - dagsturhytte i Sogndal kommune

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    1018

    SjekkUT-besøk