Legg til huskeliste
    49
    SjekkUT-besøk

    Annonse

    Beliggenhet

    Vetledalseter ligger øverst i Erdalen Stryn og blei opna som DNT-hytte sommaren 2011. Den er sett i stand av Indre Nordfjord Turlag og er eit flott utgangspunkt for turer mot Vetledalsbreen, mot Infimus som ligg lengst inn mot brevatnet til Erdalsbreen. Turen inn til hytta frå Erdalen passar godt for barnefamilie, og tar ca 1 times tid.

    Nøkkel heng på høgre side av døra. 

    Rom

    Hytta har ei stove, kjøkken og hems. I tillegg til dei seks sengeplassane finn du fire ekstra madrassar på hytta. 

    Utstyr

    Hytta på Vetledalssetra er ei tradisjonell hytte med enkelt kjøkken og stor stove. Hytta har ikkje innlagt vatn eller straum. Kjøkkenet er utstyrt med gassbluss og det ein treng for å lage og servere mat. Lakenpose må du ta med sjølv.  Stor vedomn i stova til oppvarming.

    Vatn

    Drikkevatn hentes i elva som renn i nærleiken av hytta.

    Hund

    Hunder skal ikkje inn i hytta.

    Naturvern

    Hugs alltid sporlaus ferdsel, og lukk grinder etter deg.

    Bestilling og betaling

    Du betaler for opphaldet ditt via Vipps eller bank. Hytta kan ikkje bestillast på førehand.

    DNT-medlemskap

    Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!

    Aktivitetar

    For dei som er vande på bre er det flott utgangspunkt frå hytta, mot Vetledalsbreen og over til Slæum og Sota Seter, eller gå over breen mot Jostedalen. Eit flott utgangspunkt også for ein tur på Strynekåpa.

    Om ein overnattar er det fint å ta ein tur mot Infimus . Turen frå Vetledalssetra og inn til Infimus tar ca. 1 time.

    Fasiliteter

    • Vann
    • Wc
    • Vedovn
    Annonse
    Breheimen med JostedalsbreenJostedalsbreen nasjonalpark

    Adkomst sommer

    Frå Riksveg 15 tar ein av til bygdevegen til Erdalen .( Der er parkering like før ein kjem inn til siste garden) Herifrå og til Vetledalssetra må ein rekne 2 timar. Køyrer ein vidare gjennom gardstunet på Greidung kan ein køyre bil på bomveg til Loppeset. Dette kortar turen med inntil halvtimen. Det er no komt ny sti til Storesetra - bygd av sherparar - så lett å kome seg hit. Frå Storesetra til Vetledassetra må ein beregne ca. 1/2 time på delvis umerka men god sti fram til Vetledalssetra. Overnattar ein her kan ein fint ta kveldstur inn til Infimus lengst inn med Erdalsbrevatnet.

    SjekkUT | Vetledalseter

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    49

    SjekkUT-besøk