Kulturhistorisk løype i Fresvik

Legg til huskeliste
Annonse

Denne løypa startar ved kaien og butikken i Fresvik. Om du kjem med bil kan du parkere her og ta runden rundt bygda. Det første kulturminnet langs løypa kan vi sjå om vi står på kaien og ser langs standa mot høgre. Notanaustet i Fresvik som vart bygd rundt 1910. Fyrst sto det på Buaeigedommen, men vart flytta til naboeigedommen. Det står framleis på denne tufti. Det står på pålar og kjer. Bylgjeblekktaket, golvet og den gisne veggkledningen er ikkje skifta etter alle desse åri. Meir informasjon: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Notanaustet_i_Fresvik

Frå Kaien går løypa opp ein bakke som vert kalla Gropi. Under krigen vart denne laga mindre bratt ved å senka vegen med spade og trillebår. Tomta til butikken står på fyllinga etter dette arbeidet.

Det neste kulturminnet er Fresvik kyrkje - ei langkyrkje i tre som har 200 sitjeplassar. Kyrkja vart vigsla 29. juni 1881 av prost Jacob Edvard Smith. Arkitekt Johannes Henrik Nissen laga teikningane. Fresvik kyrkje er soknekyrkje for Fresvik sokn, som frå 1999 høyrer til Vik prestegjeld. Meir informasjon: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Fresvik_kyrkje

Ved kyrkja i Fresvik står det ein høg bautastein som vart reist 17. mai 1913. Bautasteinen vart reist til minne om dei 10 frå Fresvik som var med i krigen mot svenskane 1807-1814. Meir informasjon: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Bautasteinen_ved_Fresvik_kyrkje

På gravplassen ved Fresvik kyrkje står ein minnestein over soldat Hans Elvheim. 10. april 1940 reiste 23 menn frå Fresvik til Bømoen på Voss for å vera med og forsvara landet mot den tyske okkupasjonsmakta. Hans Elvheim var ein av dei. Han reiste som frivillig. Under kampane i Valdres vart han sjuk og døydde i september same året. Etter krigen reiste bygdefolket ein minnestein på grava hans. Meir informajson: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Minnestein_over_soldat_Hans_Elvheim

Taubana på garden Skau gjekk frå garden og opp til Holten. Holten er ein gamal husmannsplass. Bana vart brukt til å senda tømmer ned til saga og til å frakta kunstgjødsel m.m. opp til Holtan. Meir informasjon: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Taubana_til_Skau

I eldre tid låg gardane Bøtun, Bjørnetun og Høgheim oppe på terrassen på Høgheim. Skau låg lengst nord på terrassekanten og litt ut frå dei andre. Så kom Bjørnetun, deretter Bøtun og lengst sør Høgheimsgardane. Truleg har gamletunet på Høgheim lege på denne terrassen frå den aller eldste tidi. Dette var ein lun plass med sikre vasskjelder, og ein trengde ikkje vera redd storelvi. Jordi her oppe var også betre enn i Flatbygdi der det var mykje elvegrande. Men etter kvart vart meir og meir av Flatbygdi oppdyrka, og det var praktisk å ha husa der nede. Dessutan var alle klar over at det var fare for skreder på Høgheimsterrassen. Meir informasjon: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Gamletunet_p%C3%A5_H%C3%B8gheim

Gamlevegen på Høgheim var ein kjerreveg som gjekk mellom Skau og Jensagjerdet. Vegen vart av ulike årsaker også kalla "Kjærleiksstien". Rester av vegen er synleg like før vegen ned til byggjefeltet. Meir informasjon: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Gamlevegen_p%C3%A5_H%C3%B8gheim

Den einaste løypestrengen i Fresvik som framleis er i bruk og i god stand ligg tett ved høyløa til eigar Sigrun Kvammen Pedersen. Løypestrengen blir brukt til å fire ned høy frå bakkane over. Tidlegare blei han brukt til både høy og lauvkjervar. Han er godt vedlikehalden og har god mulegheit til å stramme opp strengen, noko som er vorte gjort av og til. Meir informasjon: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/L%C3%B8ypestreng_i_Fresvik

I Fresvik har det vore to brynne. Det eldste sto i Solali, der vegen frå Solali kjem ned i Storevegen. Det gamle brynnet var svært gammalt, og me veit ikkje kven som bygde det. Då den gamle vegen under Solali rasa ut, flytte dei det gamle brynnet ned til Tråene. Men til slutt smuldra det opp og blei øydelagd. Etter ei stund laga Hans H. Bjørnetun eit nytt brynne som vart kalla Nyabrynne. Det blei laga rundt 1940. Meir informasjon: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Brynne_i_Fresvik

Vasskverni kom til Noreg kring år 1200. Me veit ikkje sikkert når den første kverni i Fresvik blei sett opp, men det blei nesten ein liten revolusjon då ho kom. Å mala korn blei mykje enklare. På dei største kvernane kunne ein mala opp til 100 kilo på eit døger viss kornet var tørka. Dei minste kvernane kunne klare 50 kilo. Meir informasjon: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Kverni_i_Tr%C3%A5ene

I 1987 vart det sett opp ein minnestein over Mensen Ernst ved Modig IL sitt idrettsanlegg i Fresvik. Steinen var til minne om storløparen som opphavleg kom ifrå Fresvik. Meir informasjon: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Minnestein_over_Mensen_Ernst

Ungdomshuset i Fresvik vart vigsla i 1927. Det erstatta eit som vart bygd i 1907, men som var altfor lite. Frå 1923 og frametter vart det arbeidd med å reisa pengar til nybygg. Arkitekt Olav Vangsnes laga teikningane utan vederlag og Anna O. Bøtun ga fri grunn. Meir informasjon: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Ungdomshuset_i_Fresvik

Bedehuset i Fresvik stod ferdig i 1978 og ligg tett nedom vegen om lag 300 m opp frå krysset på hovudvegen gjennom bygda. Huset er 20 x 10 m og bygt i to fulle høgder. I første høgda er der stor romsleg gang, storsal og vetlesal. Underetasjen har stor sal, opphavleg matsal, no aktivitetsrom for barneklubb, og fullt utstyrt kjøken. Storsalen er innreidd med røyrstolar og småbord, Vetlesalen med sofamøbler. Talarstolen står på golvnivå. Veggene er utsmykka med bilete og teppe. Midt på veggen framme heng eit stort målarstykke med motiv Engelen styrkjer Jesus. Det er laga av Herdis Kleppa etter original av ein annan kunstnar. I salen nede heng det to store åkle. Meir informasjon: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Bedehuset_i_Fresvik

I samband med at det var planlagt eit byggjefelt, vart det føreteke arkeologiske utgravingar i 2001 som fann spor etter busetjingar i jernalderen og bronsealderen på garden Grundeland. Terrenget er flatt og godt drenert dyrka mark. Meir informasjon: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Busetjing_p%C3%A5_Grundeland / http://www.kulturminnesok.no/Lokaliteter/Sogn-og-Fjordane/Vik/Grundeland

Adkomst med egen bil

Løypa startar på kaien i Fresvik der butikken ligg. Kaien og butikken er ein samlingsplass for folk.
Annonse