Rundtur til Bjellandsnes frå Sunde, Kvinnherad

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 5,3 km
  • 1 t, 30 min
  • Rundtur
  • 341 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
  • Kart: Du finn eit kartblad for området ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: P-plass der skogsvegen startar ved enden av Vardhaugvegen på Bjelland. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.
  • Merking: Informasjonstavle ved start. Skilt, raudmåla merke og merkestikker langs stien.
  • Høgdeskilnad: 0 - 50 moh.

.

TUROMTALE

Etter 1 km på skogsveg frå parkeringsplassen går stien til venstre inn i skogen. Ytst på Bjellandsneset ligg gravrøysa Storarøyso frå bronsealderen. Vidare går ein framom Krabbahopen i Åskesvikjo, som er ein fin raste- og badeplass, og attende til skogsvegen og parkeringsplassen. Dette er ein idyllisk rundtur i typisk vestnorsk skogsterreng, i nærkontakt med Husnesfjorden.

GODE RÅD

  • Alternativ rute i starten: Frå tømmeropplagsplassen ca 200 meter etter P-plassen, kan ein alternativt gå merkt rute til venstre om den gamle husmannsplassen Holo. Legg merke til dei fine murane og tenk på slitet den gongen. Denne ruta kjem attende til hovudruta, sjå Omtale.
  • Turen går i fint skogsterreng på skogsveg og sti, men det kan vera vått i enkelte parti.
  • I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Køyr over brua i Sunde sentrum og mot høgre fram til vegkryss som er skilta mot venstre til Bjelland. Følg Bjellandsvegen til første sideveg til høgre på bakketopp, Vardhaugvegen. Ved enden av Vardhaugvegen, gjennom eit lite bustadfelt, er det P-plass for 3-4 bilar der skogsvegen startar.

Annonse