Tungestølen ubetjent - Austerdalshytta

    Legg til huskeliste
    77
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • 12 sengeplasser

    Klar for å oppleve vill og vakker vestlandsnatur, med brear og stupbratte fjell? Da er ein tur til denne familievenlege hytta noko for deg! Her kan ein leike og urforske rett utanfor hytta, og ein kan fint studere breen på god avstand (frå hytta) om ein ikkje ynskjer å komme for tett på!

    Opningstider

    Austerdalshytta er open som ubetjent hytte når Tungestølen er stengt.

    På sommarhalvåret når Tungestølen er betent, inngår Austerdalshytta som ein del av beteninga på Tungestølen. Det er altså berre mogleg å booke Austerdalshytta som ubetjent hytte når Tungestølen er stengt for sesongen.

    For booking av Tungestølen sjå her: Rom og bestilling på Tungestølen - DNT

    Beliggenhet

    Augsterdalhytta ligg i tunet ved Tungestølen Turisthytte. Austerdalshytta er ein del av det betjente anlegget på Tungestølen om sommaren. Men på hausten, vinteren og våren er hytta ein fullverdig ubetent hytte- som ventar på deg! Tungestølen ligg innst i Veitastrond, heilt attmed Jostedalsbreen i Luster Kommune.

    Når det er snø, blir det køyrt opp skiløyper frå Veitastrond og inn til Tungestølen. Skituren er omlag 5 km i lett kupert terreng. Turen eignar seg også for småbarnsfamiliar. Om hausten og seint på våren kan du køyre heilt fram med bil. Hytta er låst med DNT nøkkel.

    Rom

    Det er 3 soverom på Austerdalshytta; Odin, Tor og Loke med totalt 12 sengeplassar i hytta. Det er og 2 madrasser på hemsen. Det er også tørkerom og ei stor stove/kjøkken med store vindauge, så ein kan nyte synet av naturen.

    Du bestiller og betalar pr soverom og registrerer tal senger i bruk når du bestiller.

    Det er straum i hytta, så det er ein liten lunk når du kjem fram. Deretter er det berre å fyre i omnen og kose seg.

    Utstyr

    Hytta er installert med det du treng for ei overnatting med kjøkkenutstyr, kokeplate, utedo, dyne/pute og tepper. Hugs å ta med mat og lakenpose!

    Vann

    Ta med vatn, smelt eller hent i elva (300m nedanfor hytta).

    Hund

    Det er dessverre ikkje lov å ha hund inne på hytta.

    Naturvern

    Me ber om at de går på merka sti når de går på tur kring Tungestølen og Austerdalshytta, for å spare terrenget rundt. Hugs at du er på grensa til Jostedalsbreen Nasjonalpark, og la fuglar og dyr vera i fred. Hugs alltid sporlaus ferdsel.

    DNT- medlemskap

    Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!

    Aktiviteter

    Me vonar hytta kan bli eit kjekt turmål, og det ligg godt til rette for t.d. skileik og moro rett utanfor hytta. Her kan ein leike og urforske rett utanfor hytta, og ein kan fint studere breen på god avstand (frå hytta) om ein ikkje ynskjer å komme for tett på!

    Velkommen til å overnatte på Austerdalshytta på Tungestølen!

    Bestilling og betaling

    Bestilling og betaling

    For forhåndsbestilling av hytta gjør du dette via hyttebestilling

    Betal for overnatting i DNT‑appen

    På ubetjente DNT‑hytter registrerer og betaler du enkelt for overnatting i DNT‑appen. Dette gjelder bare for de som ikkje har bestilt på førehand. Har du forhåndsbestilt? Da er selve overnattingen allerede betalt.

    Husk å laste ned appen før du drar på tur! Appen fungerer også uten dekning. For best offline‑funksjon bør du åpne appen før turen.

    Les mer om DNT‑appen på dnt.no: https://www.dnt.no/hytter/om-dnt-hyttene/dnt-appen/

    Du kan og betale via vipps 106547eller via bankbetaling

    Bankbetaling

    Kontonummer: 3785 2006 162

    IBAN: NO58 3785 2006 162

    Swift: LUSKNO21XXX

    Prisar for overnatting

    På Austerdalshytta betaler du for heile rommet. Hugs å registrer tal senger som er i bruk.

    DNT medlemar: 400,- pr. rom pr. natt

    Ikkje medlemar: 800,- pr. rom pr. natt

    Dagsbesøk ved bruk av straum og ved: kr. 50,-/100,-

    Fasiliteter

    • Booking
    • Strømovn
    • Vedovn
    • Tørkerom

    Passer for

    • Barnevennlig
    • Skoleklasser

    Lenker

      Annonse

      Adkomst sommer

      Køyr til Hafslo. Derfrå innover mot Veitastrond. Køyr til endes forbi ein bom (hugs å betala, Vipps 70 kr). 

      Frå bommen er det 5 km inn til hytta. Parkering er nede på flaten ved elva og derifra vandrer du ca 300 meter på fin vei opp til hytta. Det er parkering for rørslehemma ved hytta.

      Adkomst vinter

      Når det er snø, blir det køyrt opp skiløyper frå Veitastrond og inn til Tungestølen. Skituren er omlag 5 km i lett kupert terreng.

      SjekkUT | Tungestølen ubetjent - Austerdalshytta

      Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

      Les mer om SjekkUT
      77

      SjekkUT-besøk

      recommended