Fuglesteg

    Legg til huskeliste
    292
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • 31 sengeplasser

    Frå 1. mai er det fint å gå til Fuglesteg. Alle helger frå 17. mai til 15. september er steinstova open frå kl. 11 til kl.17 for servering av hellekaker m/rømme og syltetøy, kaffi, te, sjokoladedrikk eller saft.

    Det er vanlegvis god plass til overnattande. Men om det er ønskjeleg er det mogleg å booka sengeplass på rom 1 og 4. Det finn du HER. Større grupper/skuleklassar tek kontakt med Kari Ødegård på SMS 480 77 262 for booking.

    Beliggenhet

    Fuglesteg (630 moh) ligg inst i Sognefjorden, i Fortunsdalen i Luster kommune (gamle Sogn og Fjordane).

    Det er ein spanande dagstur til Fuglesteg enten frå Fortun eller Turtagrø. For dei som går frå hytte til hytte vil Fuglesteg vera eit naturleg start- eller avslutningspunkt på turen. Det er merka rute til Turtagrø. Då er ein inne på rutenettet til Jotunheimen via Skogadalsbøen eller Fanaråkhytta, og til Breheimen via Stølsdalen. Dessutan er det praktfulle turar å ta på sørsida av Austabotttindane via Gravdalen til Gravdalen, Avdalen, Vetti eller Stølsmaradalen i Årdal.

    Rom

    I steinstova er det 23 senger. Fjøsen er sett i stand og har 8 senger (31 til saman). Fuglesteg egner seg godt til skoleklasser.

    Grupper og skuleklassar kan ta kontakt for spesialpris. Kontaktperson Fuglesteg: Kari Ødegård telefon 480 77 262 .

    Fjøsbygningen er no eit stort fellesrom som kan nyttast som selskapslokale, til konsertar og andre større arrangement. Der er bord til å dekka opp til ca 80 personar og stolar til 150 for konsertar og liknande.

    Hund

    Det er ikkje lov å ha med hund inn på hovedhytta (Steinstova). Hunder kan bo med sine eigarar på Turkestova som er ei lita hytta med to sengeplasser. Det er ikkje kokemoglegheiter eller fyiring på Turkestova, mat må ein lage på hovedhytta.

    Utstyr

    Hytta har godt utstyrt kjøkken med gassbluss, rikeleg med gryter, panner og reidskapar, men har ikkje steikeovn. Servise og bestikk til ca 30 personar i Steinstova.

    Det er ikkje mat lagra i husa, men i sommarferien har turlaget dagleg servering av hellekaker med rømme/ syltetøy og kaffi/ saft. Dersom du skal overnatte må du ta med eiga mat og lakenpose/sovepose.

    Det er rikeleg utstyr til oppvask og golvvask.

    Hytta har solcelleanlegg (spar på straumen) og god mobildekning.

    NB! Pass på å vaska og rydda fint etter deg. Hugs å stengja av gassen før du går. Sjekk at vindauge og dører er stengde som då du kom.

    Vatn

    Finn du i slange over Timrastova eller i Fuglesteinsbekken.

    Bestilling og betaling

    Om de er færre enn fem personar, treng de ikkje bestilla overnatting. Grupper på fem eller fleire sender SMS til 480 77 262 for å bestilla eller bestiller på hyttebestilling.

    Prisar for overnatting og dagsbesøk (medlem/ikkje medlem)

    Dagsbesøk: 40,-/80,-

    Overnatting vaksne kr. 315,-/450,-

    Overnatting ungdom 13-26 år kr. 165/kr. 450,-

    Overnatting born 4-12år kr.50/ kr. 220,-

    Overnatting born 0-3år kr. Gratis /Gratis

    Betaling:- Nytt gjerne VIPPS. nr til Fuglesteg: 106547 - Kontantar kan du leggja i pengeskrinet i ein konvolutt. Hugs å skriva utanpå kva betalinga gjeld.- Ta med bankgiroblankett og betal i nettbank. Skriv i merknadsfeltet kva betalinga gjeld.

    Bankbetaling

    Kontonummer: 3785 2006 162

    IBAN: NO58 3785 2006 162

    Swift: LUSKNO21XXX

    DNT-medlemskap

    Dersom du ikkje har nøkkel, kan du mellom anna kontakte Stein Bugge Næss, (Luster Fjordhytter, Høyheimsvik) på telefon 958 74 596. Nøkkelen kostar kr. 100 (depositum) og du må vera DNT-medlem for å få kjøpa nøkkel.

    Aktivitetar

    Eit besøk på nabogarden Furåsen kan vera interessant, og derifrå kan ein å gå opp på vårstølen Hovden.

    Historie og annan info

    Den gamle fjellgarden Fuglesteg ligg høgt oppe i dalsida over Fortun og er ei oppleving av dei sjeldne. Plassen vart rydda rundt 1650 og det budde ein, og etterkvart to familiar der oppe i tre hundre år. I 1946 vart det eine bruket fråflytta og i 1968 det andre. Det store toetasjes steinhuset som vart bygt i 1830 vart brannskada i 1985.

    Luster Turlag har sett i stand dei gamle husa og dette kulturminnet er no teke i bruk som ubetjent turisthytte. Fuglesteg blir stort sett styrt på dugnad, men Luster Turlag har likevel store utgifter her. Betalinga di går til ved, gass, reinhald og vedlikehald av hus og utstyr inne og ute. Takk for at du støttar oss!

    I vinterhalvåret er Fuglesteg stengt på grunn av is og rasfare.

    Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.

    Fasiliteter

    • Booking
    • Mobildekning
    • Utleie
    • Servering
    • 12v
    • Vedovn
    • Peis

    Passer for

    • Barnevennlig
    • Skoleklasser
    Annonse

    Adkomst sommer

    Parker nede i Fortun på parkeringsplass ved Fortun treningssenter. Gå oppover i lia (og den store steinen), før du krysser vegen dit stien startar. Her er det sett opp informasjonstavle, grind og skilt der ein skal ta av opp mot Fuglesteg.

    Hugs å lata att grindane etter deg! 1 til 2 timar opp. Se eget turforslag.

    Frå Berdalsfjellet på Tindevegen mellom Turtagrø og Årdal. Turen ned frå ca. 1300 meters høgde via stølane Berdalen og Heimdalen tar mellom 2 ½ -3 ½ timar.

    Adkomst vinter

    Fuglesteg er stengt 1. november til 1. mai på grunn av is og rasfare.

    SjekkUT | Fuglesteg

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    292

    SjekkUT-besøk

    recommended