Dagstur hytta Havglimt
Den 7 juli 2023 opna dagsturhytte nr 3 i Stad kommune som ligg i Lia som ligger rett under Lundebrekkhornet ned mot Nollen, men flott utsikt over bygda Leikanger. Hytta fekk navnet Havglimt som er passende då vi ser glimt av Stadthavet ! Posted: 07.07.23 Honningsvåg
Dagsturhytta Stad kommune - Havglimt
Dagsturhytta Havglimt på Stadlandet kom på plass tidleg i juni i år og blei opna 7 juli 2023.
Hytta ligg i Lia på Stadlandet og er den tredje dagsturhytta i Stad kommune. Hytta er nr 60 produsert av Stad Kystbygg eit steinkast (1,7km) her ifrå.
Hytta har utsikt både til Leikanger sentrum og utover Vanylvsgapet der vi skimter Stadthavet i det fjerne. Vi har også panorama utsikt til heile Sunnmøre.
Stor nytteverdi for skule og barnehage. Fint for camping v/hytte og muligheter for å gå videre til Lundebrekkhornet eller andre topper. Sjå turer på UT.no
Tilkomst og parkering
Parkering ved Stadlandet opplæringssenter (skule) eller ved barnehagen om den er full. Det er knappe 2 km før ein kjem til Leikanger sentrum på Vestkappvegen #620. Venligst ikkje parker på busstoppen eller kjør opp i byggefeltet.
Stien til hytta
Det er fleire ulike stiar som fører til Lia men kun ein som er merka og offisiell:
Avstandar
Det er 2 km ein veg og omlag 270 høgdemeter. Hytta ligg på 226moh. Det er mellom 30 min og 1 time gangtid avhengig av tempo.
Digital og analog kunnskapsdeling
Hytta er den første med KULA (KUlturLAndskap) innfoskilt om området og der ein kan scanne qr-kode for å komme inn på ei gjestebok.
Heilt konkret er det sett ut skilt med informasjon og ein QR-kode, der folk kan gå på ei nettside og lese meir – og ikkje minst dele eigen kunnskap.
-Prosjektet som no får støtte frå Riksantikvaren er eit forprosjekt som inkluderer elleve dagsturhytter, åtte kommunar og desse sju KULA-landskapa i Vestland og Rogaland:
Ein av dei er Stadlandet – Det vêrharde lyngheilandskapet (Stad)
Noko av målet med prosjektet Knutepunkt for kunnskap er å lage ein modell og ein portal for formidling og kunnskapsdeling av det kulturhistoriske landskapet knytt til den enkelte dagsturhytta.
– Turgåarar kan dele kunnskap via digitale tenester, men det er viktig for oss at det også skal gå an å dele kunnskap analogt. Difor tek vi i bruk hytteboka. Der kan folk skrive inn historier frå området der hytta ligg, slik at andre kan lese, seier Atle Skrede, som er prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.
Skriv gjerne både i hytteboka inne i hytta og på DNT sin ut.no/sjekkut med eller uten bilde.
Hytta er også ein trimpost i fjelltrimmen og poeng kan registrerast i georeg.no.
Div innfo/linker:
FB Dagsturhytta
https://www.facebook.com/profile.php?id=100091937607545
Hjemmeside idrettslaget
https://www.stadlandetil.no/category/37
Dagsturhytta
Vestland fylkeskommune
https://www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/dagsturhytta/havglimt/
Kula (KUlturLAndskap)
https://www.vestlandfylke.no/havglimt-kulturlandskapet.
Relive sti
https://www.relive.cc/view/vxOQ4wekj2v
DNT:
Sti: https://ut.no/tur/1112162077/kart#14.17/62.10691/5.33167
Hytte og SjekkUt: https://ut.no/hytte/101211810/kart#14.17/62.10691/5.33167
Kommunen eig hytta og Stadlandet IL drifta den.
Ta kontakt med Stad kommune 57 88 58 00 ved spørsmål og tilbakemelding om sjølve hytta
Siv Monja Sjåstad Larsen
Leiar trimgruppa
Stadlandet idrettslag
Epost: sivmonja@hotmail.com
Mobilnr. 95 11 25 44
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk