Kjørrdalsselet ligger omlag 1,7 km frå Åberge, under Skjeggen på sti mellom Åberge og Bjedlastølen - 560 moh
Det er ein enkel hytte med 2 rom, ett skot og et opphaldsrom. Det er 2 sengar på hytta samt ein madrass til å legge på gulvet. Den ene sengen er 90 cm brei og den andre er 100 cm brei og passer fint til ein vaksen og et barn.
Hytta passer godt til to 2-3 vaksne eller ei lita familie.
Hytta er utstyrt med gass, gassbluss, stekepande, gryter, kaffekjele og enkelt service.
Under senga i stova er det sengesett, legg på laken og hugs lakenpose eller sovepose.
Slange med kran finn du mellom selet og doen, til tider vil det vere lite eller ikkje noko vatn i slangen. Hugs å stenge så ikkje kjelda renn tom!
NB! Ikkje drikkevatn! Kok gjerne det vatnet du skal drikka.
Hund er ikkje tillat inne på hytta
Hytta er låst med standard DNT-nøkkel, så hugs å ta med nøkkel. Du får tak i DNT-nøkkel mot depositum hjå Intersport i Sogningen.
Sjå her for meir info om korleis du skaffar DNT-nøkkelen: DNT-nøkkelen - DNT
For forhåndsbestilling av hytta gjør du dette via hyttebestilling.
Betal for overnatting i DNT‑appen
På ubetjente DNT‑hytter registrerer og betaler du enkelt for overnatting i DNT‑appen. Dette gjelder bare for drop-in gjester. Har du forhåndsbestilt? Da er selve overnattingen allerede betalt.
Husk å laste ned appen før du drar på tur! Appen fungerer også uten dekning. For best offline‑funksjon bør du åpne appen før turen.
Les mer om DNT‑appen på dnt.no: https://www.dnt.no/hytter/om-dnt-hyttene/dnt-appen/
Du kan og betale via vipps 99206 eller til bankkonto: 3785.13.99373
Prisane for bruk av hytta er:
Medlem DNT-ST/Ikkje medlem
Dagsbesøk med bruk av ved/gass kr. 50,-/kr. 100.-
Overnatting vaksne kr. 250,-/450,-
Overnatting ungdom 13-26 år kr. 150,-/250,-
Overnatting, born 4-12 år kr gratis/100,-
Overnatting born, 0-4 år (saman med føresette) gratis
Følg traktorveg frå Åberge, etter omlag 600 meter følg rødmerka sti til venstre - skilta mot Kjørrdalen. Følg stien ca. 1 km før du er framme på hytta.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk