Orrabu - dagsturhytte i Sogndal kommune

    Legg til huskeliste
    595
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser
    • Åpen hele året

    Orrabu er ei av tre dagsturhytter i Sogndal kommune. Den ligg på Eggjahaugane over Kleppa. Frå Eggjahaugane har ein utsikt austover til Hermansverk sentrum, sør/ aust inn fjorden til Fresvik, sør til Feios og vestover mot Vangsnes i Vik kommune.

    Hytta ligg på om lag 530 moh. Turen opp til dagsturhytta tek om lag 30 – 45 minutt frå parkeringsplassen på Kleppa dersom ein har med seg born. Det er bilveg til Kleppa heile året, delvis grusveg.

    Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
    Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

    Les meir:

    Fasiliteter

      Passer for

      • Skoleklasser
      Annonse

      Adkomst sommer

      Det er fleire stiar som fører til Orrabu. Den kortaste startar frå parkeringsplassen ved Kleppa og sti opp slalombakken. Det er mogleg å gå på veg eit stykke til det står skilt mot hytta. Etter dette er det sti gjennom lyng og delvis myr med plankesti.

      Grusvegen: følg vegen til Husabøstølen, og ta av mot Øvstestølen. Rett før Øvstølen ta av og inn på stien som går rett mot toppen av skitrekket. Etter at ein passerer trekket, fortset innover på stien og gå skrått nedover til du ser hytta.

      For dei kjende: gå inn Henjadalen til stølen Dalhjella, og fylgje stien til Stokksete og ta av vestover etter Raumålsgrinda.

      Adkomst vinter

      Parkering ved skisenteret på Kleppa. Ta av til Kleppa ved rv. 55 på Hermansverk og følg Kleppavegen til skisenteret. Vegen er skilta undervegs.

      Same stiane som på sommaren. Det er også mogleg å komme til hytta på vinteren via skiløypene på Øvstestølen.

      SjekkUT | Orrabu - dagsturhytte i Sogndal kommune

      Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

      Les mer om SjekkUT
      595

      SjekkUT-besøk

      recommended