I Luster kommune er dagsturhytta, Eikjabu, plassert ved Lustrafjorden på Ytre Eikum mellom Solvorn og Marifjøra. Den er lett tilgjenelig med kajakk eller bår. Frå Vedvik tek det om lag 20 min å padle kajakk, medan det frå Solvorn vil ta om lag 1 time.
Luster Turlag har kajakknaust i Marifjøra, her kan du låne kajakkar rimeleg som DNT medlem. Du må ha DNT - nøkkel for å få tilgang til kajakkane. Meir info her: https://luster.dnt.no/kajakk/
Hytta har ikkje innlagt vatn, straum eller moglegheit for matlaging.
Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod og ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.
Parkering i Solvorn eller Marifjøra.
Luster Turlag har utlån av kajakkar til medlemar av turlaget. Kajakknaustet ligg i Vedvik. NB: hugs DNT nøkkel! Nøkkel får du kjøpt (100kr depositum) på Intersport Sogndal, eller ved å ta kontakt med lusterturlag@gmail.com.
Av kapasitetsmessige årsaker (parkeringsplassar) kan det vera smart å organisere felles transport frå Marifjøra til kajakknaustet som Luster turlag har i Vedvik. Det er mogleg å leige kajakkar med Luster turlag i Vedvik.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk