Om Rosethytta
Hytta er kun ope i sommarhalvåret, dvs frå 15. mai til 15. oktober.
Ein kan kun leiga heile hytta (dvs ikkje sengeplassar) og hytta må bestillast på førehand.
Ho er låst og du får informasjon om korleis du får nøkkelen ved bestilling. Du får kode til nøkkelboksen når du får bestillingsbekreftelsen (Ein kan ikkje nytta vanleg DNT-nøkkel)
Lokasjon
Rosethytta ligg 670 moh. på Gråsida (sørsida av vangsvatnet) med panoramautsikt over Vossevangen og fjella omkring.
Roset er eit mykje nytta turmål for lokalfolk i området. Ved start på Gjelle finn ein ei informasjonstavle med skildringa av den T-merka ruta til Roset, og stien vidare over Gråsida til Torfinnsheim og Hodnaberg. I området rundt hytta er det fine høve for kortare og lengre turar. Ei anbefaling er Gråsidetoppen.
Fasiliteter på hytta
Hytta har opphaldsrom med vedomn, godt utstyrt kjøkken og hems med 10 soveplassar.
Voss IL eig og driftar hytta
Hytta vart bygd i 1921 og er den eldste av to lagshytter som Voss IL eig og driftar. Hytta ble rehabilitert i 2011-14.
Ankomst
Hytta ligg i relativ kort avstand frå bilveg og parkering, godt eigna for bornefamiliar.
Fylg skogsvegen frå Gjelle til det flatar ut, og du finn eit bygg med ei sag. Her er det skilta og T - merka sti vidare opp lia. Deler av stien er bratt, men på toppen ventar ei storslagen utsikt over Voss og ei koseleg hytte.
Aktuelle kart
Kartblad for området er : Voss, kartblad 1316 II
Det er bilveg til Hjelle. Herifrå fyl ein skogsveg eit stykke før ein går på T- merka sti vidare opp til Rosethytta.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk