Tovedalshytta er ei sjølvbetjent hytte som er ope heile året. Hytta ligg i trekanten mellom Engjalandsdalen, Myrkdalen og Eksingedalen - i eit flott og variert høgfjellsområde. Dette er også eit godt utgangspunkt for flotte turar i Vossafjella eller Stølsheimen.
Kortaste ruta til Torvedalshytta er frå Gullbrå. Turen er 3,3 km og terrenget er småkupert (om lag 200 høgdemeter)
Planlegging av turen
Volahytta ligg i høgfjellet. Planlegg turen difor godt, sjekk værmeldinga og langtidsvarselet før du legg ut på tur, ta med deg nødvendig utstyr og kle deg etter vêret. I høgfjellet kan vêret endra seg fort - ver alltid forberedt for at vêret kan bli dårlegare enn meldt.
Merknad: Redningsorganisasjonane er i stor grad baserte på frivillig innsats, og dei opplever for tida eit stort press på ressursane sine. Det er difor viktig at du er godt førebudd, tek ansvarlege val ut frå tilhøva, og er i stand til å gjennomføre turen på ein trygg måte på eiga hand.
Lokasjon
Dei to hyttene ligg fint til på halvøya som går ut mot Torvedalsvatnet omlag 800 m.o.h.
Om hytta:
Her finn du ei hovudhytte, ei sikringshytte og vedbod med utedo. Hovudhytta sto ferdig i 1991. Sikringshytta er bygd i 50-åra og er eigd av Jan Erik Prestegård. Hyttene har totalt 24 sengeplassar.
Fasilitetar på hytta
Hyttene har opphaldsrom med vedomn, fullt utstyrt kjøkken og soverom/hems med senger.
Ruter/ aktivitetar/turforslag:
- Frå Torvedalshytta til Selhamar
- Frå Volahytta til Torvedalshytta
Naturvern
Det er eit rikt dyreliv i området. Ofte kan ein treffa på reinsdyr, hare og ryper med meir. Merk at villreinen sitt leveområde er under press, og vis ekstra omsyn rundt tida kring kalving, 15. april – 15. juni. Her kan du lesa meir om korleis du kan ta omsyn når du ferdast i et villrein-område.
Medlemskap
Som medlem i DNT får du rabatt på overnatting på 550 DNT-hytter, turar og kurs m.m. Bli medlem her. Merk! Born frå 0 -12 år som er medlem får gratis overnatting på DNT hytter.
Merknad:
Turen kan starta frå Engjaland, Gullbrå, Målset, Volahytta og Selhamar.
Les meir om rutene her:
Engjaland-Torvedalshytta: Fin dagstur.
Gullbrå-Torvedalshytta: Kortaste vegen til hytta.
Målset-Torvedalshytta: Ein etappe av Vikafjellsruta.
Volahytta-Torvedalshytta: Ein etappe av Vikafjellsuta .
Selhamar-Torvedalshytta: Ein del av stinettet i Stølsheimen.
Turen kan starta frå Gullbrå og Engjaland:
Les meir om ruta her: Gullbrå-Torvedalshytta
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding