Volahytta

Annonse

Om hytta

Hytta opnar 6. juli. VOLAHYTTA

Hytta ligg i austenden av Stora Volavatnet, ved ein vakker foss frå Nedsta Piksvatnet/Borgavotni.

Hytta ligg ca 950 m.o.h , i eit høgfjellsområde mellom Voss i sør, Kvitanosi i nordvest, Vikafjellet i nord og Teigdalen i vest. Hytta er plassert fint i austenden av Stora Volavatnet, ved ein vakker foss som renn ut frå Nedsta Piksvatnet/Borgavotni.

Volahytta er ei sjølvbeteningshytte med matlager der ein kan kjøpa proviant til alle måltid, og hytta er open heile året. Ei mindre sikringsbu ligg like ved, med 2 køyer og 8 madrasser.

Hytta og turområdet passar godt for barnefamiliar, spesielt om sommaren og hausten då det er ein knapp times tur frå parkeringsplassen ved Voladammen. Det er mange gode fiskevatn i området og fine turmogelegheiter m.a. til Kvitanosi, ein majestetisk fjelltopp på 1433 m.o.h. nordvest for hytta. Det storfelte utsynet derifrå gjer at ein tur dit bør prøvast dersom veret er godt. Frå hytta er det dagstur til Torvedalshytta og derifrå kan ein gå vidare til hyttene i Stølsheimen.

I hovudhytta er det eit stort opphaldsrom og to soverom med køysenger for 12 personar. I sikringsbua er det to køyesenger for ein person i kvar, og hems med madrasser.

Sengene og madrassene har dyner og rikeleg med ullteppe.Ta med lakenpose eller sovepose. Her er vedfyring, utstyr for matstell og gass til koking. Hyttene har lys frå solcelleanlegg. Det er ikkje mobildekning i hyttene, men oppslag om kvar du kan gå for å få kontakt.

Hovudhytta på Vola gjekk gjennom ei større oppussing sommaren 2017. Hytta fekk nytt kjøkken, eige vaskerom, nytt proviantlager, ny sofaløysing i opphaldsrommet, ny tram framfor inngangsdøra m.m. Alle romma vart beisa og er no lyse i fargen. Sikringshytta fekk samstundes nytt kjøkken. Hytta har nokre senger for førehandstinging.

Viktig informasjon om Volahytta og tilkomsten dit (sommaren 2020)

Hyttetilsynet for Volahytta var på hytta laurdag 27. juni og gjorde ho klar for sesongen. Med reine sengklede og nye puter er hytta klar for storinnrykk av turglade vandrarar. Den første gjesten etter dugnaden var ein som vandrar Norge på langs.

Diverre er det mykje snø i fjellet som medfører større og mindre utfordringar for oss vandrarar. Bruene ved utløpet av Borgarvatnet og Piksvatnet er lagt ut. På grunn av stor snøsmelting er det mykje vatn mellom brua ved utløpet av Borgarvatnet og landsida mot Volahytta. Her må du vada. Bruene ved demningen i Volavatnet er ikkje lagt ut. Brua ved austenden av demningen vil lagt ut seinare i sommar. Anleggsvegen frå Brekkhus til Volavatnet vil ikkje verta opna for bilkøyring før seinare på sommaren. Dette på grunn av eit stort anleggsarbeid ved demningen. Det vil seinare i sommar bli opparbeid ein midlertidig parkeringsplass eit stykke nedanfor demningen. Frå denne plassen vil det bli merka ein midlertidig sti når så langt kjem.

Det vert lagt ut ny informasjon på denne nettsida når vegen vert opna for bilkøyring. Elles er snøtilhøva så krevjande mellom demningen og Volahytta at tilsynet ikkje tilrår at ein nyttar denne tilkomsten. Spesielt vanskeleg er det når ein kjem frå Volahytta. Enklaste tilkomsten til Volahytta er for tida frå Voss sentrum, Hanguren og Bavallen eller Afdal via Tvinnestølen. Eit framifrå alternativ er via hytta i Torvedalen. Det er mykje snø i fjellet så vurder kor du går sjølv på desse stiane, for snøen dekkar mange stader dei raude T-ane.

Hugs smitteverntiltaka når du er på hytta.

Hyttetilsynet ynskjer alle velkomne til Volahytta og ei fin sommaroppleving i fjellheimen!

Fasiliteter

  • 12v
  • Fiske
  • Mobildekning
  • Bade
  • Teltplass
  • Vedovn

Tilpasset for

  • Hund
  • Barnevennlig

Slik kommer du deg dit

Adkomst sommer

TILKOMST SOMMAR

Du kan koma til hytta etter T-merka sti frå Dyrvedalen (ca. 5 t.), Bavallen (ca. 6 t.), Tvinne (ca. 6 t.), Afdal (ca. 5 t.) frå Tvinnestølen (ca. 1,5 t.) eller Torvedalen (ca. 5 t.) Den T-merka stien frå Dyrvedalen er ny i 2018. Sjå eigen omtale av stien. Om sommaren kan du køyra via Evanger og Teigdalen til Voladammen. I normale snøår kan du rundt jonsok køyra til Eidesfannadalen (ca. 2 t til hytta) og til Voladammen frå midten av juli. Derifrå i T-merka sti, (ca. 1 t) . Bilvegen frå Brekkhus til Voladammen er privat og går gjennom vill og spektakulær vestlandsnatur og er ei oppleving i seg sjølv. Ingen bompengar.

Adkomst vinter

TILKOMST VINTER

Om vinteren kan du gå på ski frå Tvinne/Afdal eller Torvedalen. Du kan og koma til hytta frå Bavallen via Lønahorgi og Tvinnestølen. Om vinteren er det også ein fin tur å gå til hytta frå Dyrvedalen.

I snørike vintrar kan hovudhytta vera nedsnøa, mens snøen rundt sikringshytta pleier å blåsa vekk. Volahytta er ikkje tilgjengeleg frå Brekkhus via Voladammen om vinteren.

Varsel

Værvarsel for Volahytta. Vis på YR.no
Lør (10.07)Lettskyet3º0 mm
Flau vind (0.6m/s) Øst-sørøst
Søn (11.07)Regn4º2 mm
Laber bris (7.0m/s) Vest
Man (12.07)Regn5º2 mm
Lett bris (4.5m/s) Vest-sørvest
Tir (13.07)Regn7º2 mm
Lett bris (5.2m/s) Sør-sørvest
Ons (14.07)Regn9º3 mm
Lett bris (4.5m/s) Sørvest
Tor (15.07)Regn8º3 mm
Laber bris (6.9m/s) Sørøst
Fre (16.07)Regn8º4 mm
Laber bris (7.8m/s) Sør-sørvest
*Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt

Papirkart

Kartblad: 050 Vikafjell

Annonse
Værvarsel for Volahytta. Vis på YR.no
Lør (10.07)Lettskyet3º0 mm
Flau vind (0.6m/s) Øst-sørøst
Søn (11.07)Regn4º2 mm
Laber bris (7.0m/s) Vest
Man (12.07)Regn5º2 mm
Lett bris (4.5m/s) Vest-sørvest
Tir (13.07)Regn7º2 mm
Lett bris (5.2m/s) Sør-sørvest
Ons (14.07)Regn9º3 mm
Lett bris (4.5m/s) Sørvest
Tor (15.07)Regn8º3 mm
Laber bris (6.9m/s) Sørøst
Fre (16.07)Regn8º4 mm
Laber bris (7.8m/s) Sør-sørvest
*Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt