Balabu - dagsturhytte i Sogndal kommune

    Legg til huskeliste
    962
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser
    • Åpen hele året

    Balabu er ei av tre dagsturhytter i Sogndal kommune. Hytta ligg i Balestrand og står ved Balastølen, på om lag 400 moh. Frå Balabu har du unik utsikt over møtet mellom Sognefjorden og Fjærlandsfjorden.

    Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
    Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

    Fasiliteter

      Passer for

      • Skoleklasser
      Annonse

      Adkomst sommer

      For å kome til parkeringa ved Belehalli: kjør rv. 55, ta av til idrettsanlegg og Sygna vgs. Følg så skilting til skulane og turstiar. Ved Sagatun skule er det skilta parkering for dagsturhytta.

      Parkering er ved Belehalli ved Sagatun skule. Eller du kan gå frå sentrum ved å følge turskilta opp Lærargata til Belehalli. Der er oversiktskart over alle turalternativa i nærområdet.

      Frå Belehalli: Følg den blåmerka stien opp til Orrebenken og 100 meter vidare. Her kjem du til eit skilt som viser Balastølen/Fjærestadstølen til venstre. Rett før Orremyra går stien inn til dagsturhytta.

      Det er moglegheit for å gå vidare opp til Raudmelen (raudmerka sti).

      SjekkUT | Balabu - dagsturhytte i Sogndal kommune

      Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

      Les mer om SjekkUT
      962

      SjekkUT-besøk

      recommended