Massbu

Annonse

Om hytta

  • Område
  • Sengeplasser
    6 sengeplasser
  • Åpningstider
    Hele året
  • Nøkkel
    Ulåst
Bli DNT-medlem

Hytta ligg i Laukelandsmarka lengst vest i Gaular kommune, 370 moh. Her er seks sengeplassar fordelt på fire senger noko betyr at ein må liggje andføttes i to av sengane for å utnytte kapasiteten fullt ut. Det er i tillegg tre madrasser til å leggje på golvet. Hytta er ubetjent, altså er der ikkje er proviant til sals. Der er ellers fire dyner, dekkety, gassbluss og oljelampar.

Det er bygt utedo 50 meter vest for hytta.

Massbu ligg i rutenettet Hav Til Bre. Den merka ruta vidare til Nipebu startar rett bak hytta.

Mobiltelefon: På Massbu er det dekkning litt rundt omkring. Oppe på høgdene bak hytta eller ved det vesle vatnet sør for hytta er det muleg å få kontakt.

Dersom hytta skal nyttast i tida for hjortejakt (1.9-23.12), må det avtalast med leiar for jaktvaldet, Odne Laukeland, på telefon 908 67 026.

Hugs å booke overnatting (grønn knapp over), for å sikre deg plass på hytta.

Slik kommer du deg dit

Adkomst sommer

Følg skogsbilveg frå Laukeland til forbi brua over Storelva. Bompengar kr 50,-. Der kan du parkere på velteplass på sørsida av vegen. Gå vestover til Nedre Laukelandsstølen. Derifrå er det T-merka sti nord til Øvre Laukelandsstølen der hytta Massbu ligg som einaste bygg.

SjekkUT | Massbu

Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

Les mer om SjekkUT
24

SjekkUT-besøk

Gjestebok (0)

Ingen har skrevet i gjesteboka for Massbu ennå. Ta turen og bli den første!

Annonse
mobil med SjekkUT appen åpen
person ute i naturen

SjekkUT

Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

Les mer om SjekkUT