Legg til huskeliste
    153
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • 4 sengeplasser
    • Åpen hele året

    Beliggenhet

    Hytta ligg nedanfor ein utsiktsknaus i Laukelandsmarka i Sunnfjord kommune, 370 moh. Det er om lag 30 minutt å gå frå skiltinga på grusvegen som går opp frå Laukeland (hugs avgift).

    Dette er eit barnevennleg turmål og ein fin, kort familietur.

    Frå hytta er det relativt kort veg til starten av stien opp til Laukelandshesten, og stien vidare til Nipebu startar rett bak hytta. Ver merksam på at terrenget rundt hytta kan vere litt blautt vår og haust. Dette er ei hytte for dei som likar overnatting med enkel standard, eller for dagsturar med kaffi og bål.

    Rom

    Massbu er ei lita og sjarmerande tradisjonshytte med to rom. Det er eit forrom med to køyesenger, vedomn og kjøken, og eit opphaldsrom med sovebenkar og bord.

    Det er totalt fire sengeplassar, og alle sengene kan førehandsbestillast.

    Utstyr

    Du finn fire dyner og tepper, dekkjetøy, to gassbluss og oljelampar. Utanfor er det ein hyggeleg bålplass med sitjebenkar, og det er eit vedskjul ved sida av hovudinngangen.

    Det er utedo 50 meter vest for hytta. Hytta er ubetent og har ikkje proviantlager.
    Det er tilrådd å ta med vatn, men du finn skildring av næraste vasskjelde ved inngangsdøra.

    Hund

    Det er ikkje tillatt med hund i hytta.

    Naturvern

    Hugs alltid sporlaus ferdsel

    Bestilling og betaling

    Bestill overnatting (grøn knapp over) for å sikre deg plass på hytta. Du må vere på plass før kl. 19.00 første dagen du har bestilt.

    Skriv deg inn i hytteprotokollen ved ankomst. Dersom du ikkje har bestilt og betalt på førehand, kan du betale via DNT-appen.

    DNT –medlemskap

    Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!

    Anna informasjon

    Mobiltelefon: På Massbu er det dekning litt rundt omkring. Oppe på høgdene bak hytta eller ved det vesle vatnet sør for hytta er det muleg å få kontakt.

    Det kan vere hjortejakt i området om hausten.

    _____________

    Dersom du har spørsmål ta kontakt ved tlf: 413 37 213 eller indresunnfjord@dnt.no

    ____________

    Fasiliteter

    • Booking
    • Mobildekning
    • Vedovn

    Passer for

    • Barnevennlig
    Annonse

    Adkomst sommer

    Det er enkel tilkomst frå Nedre Laukelandsstølen, ca 1km å gå. Bompengar. Følg skogsbilveg frå Laukeland, vi tilrår å parkere like før brua over Storelva pga beitedyr.

    Ein tur som gir mykje utsikt er turen frå Otterstein via Brendehaugknappen til Massbu. 7km, 3-4 timar. Dette er eit fint utgangspunkt om ein vil gå hytte- til - hytte. Etter ei natt på Massbu kan ein gå til Nipebu frå Massbu og etter ei natt på Nipebu vidare til Otterstein.

    SjekkUT | Massbu

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    153

    SjekkUT-besøk

    recommended