Tungestølen

Ingen kontakt med varsom.no. Vi får ikke koblet opp mot varsom.no og kan derfor ikke garantere at det er trygt i dette området. Vi anbefaler å sjekke dette på varsom.no.
Annonse

Om hytta

  • Område
  • Betjeningsgrad
    Betjent (stengt nå)
  • Sengeplasser
    27 sengeplasser
  • Åpningstider
    Stengt i perioden 14. okt. - 31. mai ()

Åpningstider: I helgene fram til midten av oktober

Meir detaljerte opningstider:

  • frå fredag 6. september kl. 17 til søndag 8. september kl. 17
  • frå fredag 13. september kl. 17 til søndag 15. september kl. 17
  • frå fredag 20. september kl. 17 til søndag 22. september kl. 17
  • frå fredag 27. september kl. 17 til søndag 29. september kl. 17
  • frå fredag 4. oktober kl. 17, alle dagar i haustferieveke, til søndag 13. oktober kl. 17

Turisthytta er eigd av Luster Turlag og vert driven som ei betjent DNT-hytte og kan tilby frukost, lunsj og middag for overnattande. Dagsbesøkande er også velkomne til å få seg eit måltid på hytta. Det er køyreveg/bomveg heilt fram til hytta, og hytta er også tilrettelagt for at rørslehemma skal nytte fasilitetane. Bilar for rørslehemma kan parkere opp ved hytta, andre kan setje av passasjerar ved turisthytta for så å parkere nede på parkeringsplassen på “elvesletta”.

Bestillingar av overnattingar kan gjerast på e-post lusterturlag@gmail.com eller ved å ringe til “hytte-telefonen” med nummer 406 43 893. Alternativt, ta kontakt med Gry Tokvam (905 94 942) eller Ole Schanke Eikum (950 48 093).

Då den engelske fjellpioneren William Cecil Slingsby oppdaga området i 1894, karakteriserte han Austerdalen med dei tre brefalla Loke, Tor og Odin som “the finest ice scenery in Europe». Tungestølen ligg solvendt til på ein kolle under fjellet Skyttarpiggen på Veitastrondi i Luster kommune i Sogn. Plassen er både dramatisk og trygg på same tid. Frå den flate kollen er det god oversikt ned på det store elve­deltaet med dei typisk smaragdgrøne breelvane, og med ein formidabelt utsyn innover mot Langedalen med dei mange brearmane. Det er fleire støler i området med beitande dyr, noko som bidrar til å oppretthalde det vakre kulturlandskapet i området.

Tungestølen er en av innfallsportane til Jostedalsbreen, og eit knutepunkt for turar og brekryssingar over til Fjærland, Jostedal, Sunnfjord og Nordfjord. Med utgangspunkt i Tungestølen kan ein også ta enkle rundturar i kulturlandskapet eller meir krevjande rundturar i blåisen/kryssing av snødekte brear. I tillegg til brevandring og breklatring, er mogelege aktivitetar på og rundt Tungestølen mange og berre avgrensa av fantasien: Turvandring, toppturar, buldring, fjellklatring, vatn- og elveaktivitetar med flåtar og kajakkar, zipline, fiske, terrengsykling eller berre slappe av i eit stølsmiljø med beitande dyr. Tilbod om slike aktivitetar vert gradvis “utbygd” i samarbeid med lokale verksemder. Inntil vidare må ein ta seg fram på eiga hand. Med sine brenære område og spektakulær naturgeografi, vil Nye Tungestølen Turisthytte også kunne nyttast til formidling, undervisning- og forskingsføremål for klassar i både grunnskulen, vidaregåande skule og i høgskulen. I sommarhalvåret er det bilveg (bomveg) heilt fram til hytta, og utforminga er også tilrettelagt for at rørslehemma skal nytte fasilitetane.

Nye Tungestølen Turisthytte er utforma som eit setermiljø i moderne drakt. Fullt utbygd vil hyttetunet bestå av til saman 9 hytter og kunne tilby heilårs drift med både betjent- og ubetjent hytte basert på DNT-konseptet. Allereie på teiknebrettet har Nye Tungestølen Turisthytta fått stor merksemd, både nasjonalt og internasjonalt. DNT har lange tradisjonar med å bygge god arkitektur med materialar og teknikk i tida, og den tradisjonen vert vidareført takka vere at DNT gjennomførte arkitektkonkurransen i 2015. Snøhetta har valt ei utforming av hyttene basert på femkanten, ein struktur ein finn att i naturen som ein sterk og berekraftig konstruksjon. Hyttene er bygd etter eit industrielt konsept som modular i massiv tre, og montert saman på tomta. Denne tilnærminga gjev kort og effektiv byggetid, og dermed også reduserte byggekostnader. Oppdeling i 9 ulike hytter, gjer at Luster Turlag kan realisere hyttetunet stegvis etter tilgangen på finansiering. Nye Tungestølen Turisthytte er eit referanseprosjekt med industrialisert byggekonsept, samt miljøvenlege og berekraftige løysingar. Det er ført fram straum til hytta med ein 5,5 km lang straumkabel i bakken, slik at hyttetunet vert forsynt med fornybar energi utan synlege spor i terrenget.

Første byggetrinn vil bestå av Felleshuset, Servicehuset, Soveselet og ei Småhytte, som vil danne basis for den betjente delen av turisthytta. Matsalen i Felleshuset har kapasitet til 50 personar, og i tillegg er det ein peisestove-del med ytterlegare sitteplassar. Soveselet fungerer som ein sovesal med 21 sengeplassar i 4 høgder. Småhytta har plass til 4 - 6 personar i køysenger (2 stk. 120 cm breie madrasser nede og ordinære 90 cm breie madrasser i dei to øvste køyene). Servicehuset er utrusta med dusj, toalett og tørkerom for klede. Vi vil legge vekt på at hytta skal ha eit godt kjøken, som tilbyr god lokalbasert mat som fisk frå Veitastrondvatnet, hjort- og kjekjøt, osteprodukt, frukt og saft frå bygda og heimebaka brød frå stølen. Også dette er noko som gradvis vert utvida frå etableringstidspunktet. Ein tek sikte på at den betjente hytta vert open i perioden mai til oktober (avhengig av at den private bomvegen er open).


Vi ber alle gjestar ta omsyn til naturen og beitande dyr i området, spesielt minnar vi om at det er bandtvang for hundar.

Velkommen til Tungestølen!

Fasiliteter

  • 220v
  • Tørkerom
  • Peis
  • Servering
  • Dusj
  • Vann
  • Wc

Tilpasset for

  • Skoleklasser
  • Rullestol

Slik kommer du deg dit

Tilgjengelig med

  • Bil om sommeren

Adkomst sommer

Bilveg (bomveg) heilt fram til hytta.

Adkomst vinter

Hytta er vinterstengt og vert opna igjen ein gong i mai/juni, når bomvegen inn til hytta vert snøfri/vert brøyta opp etter vinteren (tidspunkt kjem an på snømengde og om vegen vert brøyta)

Papirkart

Kartblad: Jostedalen 1418 III (2007)

Annonse
Ingen kontakt med varsom.no. Vi får ikke koblet opp mot varsom.no og kan derfor ikke garantere at det er trygt i dette området. Vi anbefaler å sjekke dette på varsom.no.