Råkeneset

    Legg til huskeliste
    25
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • 8 sengeplasser
    • Åpen hele året

    Beliggenhet

    Råkeneset er ei av DNTs vestligaste hytter og er ein gammal husmansplass som ligg på Råke nord om Hardbakke i Solund kommune. Hytta er låst med DNT -nøkkel. Området rundt dei gamle husa er ein fredleg stad, med slåttemark, svaberg og det vakre sundet inn til Råke.

    Rom

    Det er 8 sengeplassar på eit rom/hemsen i huset

    Utstyr

    Kjøkenkroken er tilrettelagt med gasskokeapparat og kokekar i tillegg til dekketøy. Alle gjester må ha med ren lakenpose og eget rent putevar. Hytta er ubetjent, så ta med eiga mat!

    Ta med deg eigne søppelposer og ta med søppelet ditt heim.

    Strøm

    Det er ikkje strøm på Råkeneset og ikkje mulighet å lade telefon

    Vatn

    Drikkevatn finn ein i dunkar som er plasserte ved inngangsdøra. Merk: dette må berre nyttast som drikkevatn og til matlaging. Vatn til vask og reingjering finn ein i brønnen. Ver varsam når ein opnar luka til brønnen.

    Hund

    Det skal ikkje hund inn i Råkeneset

    Naturvern

    All bebyggelse og mykje av omgjevnadane er freda av Riksantikvaren, noko som krev varsam framferd når ein oppheld og overnattar i huset på Råkeneset.

    Dette er ikkje tillete på og ved Råkeneset: Ein må ikkje påføre skade eller foreta seg noko som kan skade inventar eller bygningar. Telting er ikkje tillete på den del av Råkeneset som er verna, sjå oppslag. Dette må føregå i utmark og ikkje på innmark, etter dei reglar som gjeld jfr. allemannsretten. Ein må ikkje kaste stein på sjøen. Det må ikkje tennast open eld eller nyttast grill som vert plassert rett på mark, stein eller svaberg.

    Hugs alltid sporlaus ferdsel.

    Bestilling og betaling

    Hytta må bestilles for overnatting. Bestill og betal i Visbook.

    Skoleklasser og lignende grupper som ønsker å bestille bes om å sjekke tilgjengelighet på nett, for så å kontakte: ytresogn.turlag@dnt.no

    DNT –medlemskap

    Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!

    Aktivitetar

    Fjellområda aust for Råkeneset og Råke er dei blant dei vestlegaste i landet. Få høgdemeter opp frå stranda har ein storslagen utsikt over øyar, spanande landskap, vakker kyst og Nordsjøen. Stiane er ikkje godt merka, men turen opp til Pollatinden (541 moh) når ein frå Råke og lenger nord i nærleiken av p-plassen.

    Dersom ein har kajakk gjev øyane vest for Råkeneset mange spanande opplevingar.

    Historie og anna

    Det 250 år gamle stovehuset fortel si eiga historie om livet til fiskarbonden som i arbeid og kvile fann sitt utkome på Råkeneset. Det kan vere verdt å tenkje på når ein stig inn i det vesle stovehuset. Sjølv om bruk er den beste form for vern, må ein merke seg at dette er eit heller skjørt byggverk, som krev at ein er varsam når ein oppheld seg i huset.

    ______

    Les om Råkeneset og Solund i Fjell og Vidde, NR 2 i 2012. S18-S30

    __________

    Prisar for Råkeneset

    2023: Heile hytta medlem DNT, kr 1.000.- Heile hytta ikkje medlem kr 1.500.-



    Fasiliteter

    • Booking
    • Kortbetaling
    • Vedovn
    Annonse
    Fjordane

    Adkomst sommer

    Råkeneset ligger 20 minutt gange frå fylkesvegen til Strand. Her kan ein parkere langs vegen. Stien sørvest til Råkeneset går gjennom utmark og følgjer den gamle ferdselsvegen til Råkeneset.

    SjekkUT | Råkeneset

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    25

    SjekkUT-besøk