Om Tvinnestølen
I Vossafjella, rundt sju kilometer nord for Lønahorgi, finn du Tvinnestølen. Dette er ei ubetjent hytte som er ope heile året. Området rundt Tvinnestølen er vilt og vakkert. Hyttene og turområde passar både for barnefamiliar og dei som er spreke!
Den kortaste ruta til Tvinnestølen på sommaren er den merka T-ruta frå Voladammen til Volahytta og vidare til Tvinnestølen, som er om lag 6 km. Perfekt for barnefamiliar!
Lokasjon
Tvinnestølen ligg i fjellområde mellom Voss og Eksingedalen, vest for garden Afdal og aust for Volahytta. Dei to hyttene ligg vakkert til ved Øvsta Piksvatnet, rundt 1060 meter over havet.
Merknad vinter
Snømengdene og vindretninga varierer frå år til år og gjennom sesongen. Nokre gonger legg det seg mykje/ ein del snø framfor rømningsvegar og inngangsparti. Ver budd på å bruka tid på å spa fram rømningsvegar og inngangsdører.
Om hytta
Her finn du to hytter: Ei hovudhytte og ei sikringshytte. Sikringshytta, den minste hytta, er eit gamalt sjarmerande sel. Selet vart oppgradert i 2017, men har framleis det gamle stølspreget. I 2021 bygde Voss Utferdslag hovudhytta.
- Tal på senger: 17 ( 11 i hovudhytta og 6 i selet)
- Tal på senger som er mogleg å førehandsbestilla: 15 senger
- Tal på ekstra madrasser i hovudhytta: 7 madrasser
Fasiliteter på hytta
Hyttene har opphaldsrom med vedomn til oppvarming, fullt utstyrt kjøkken og soverom med senger.
Aktivitetar/turforslag:
Fiske: I området er det mange gode fiskevatn. Ta med deg fiskestang og kjøp fiskekort på inatur før avreise.
- Tur frå Voladammen til Volahytta
- Tur frå Volahytta til Tvinnestølen
- Frå Tvinno til Tvinnestølen
- Frå Mølster (Voss) til Tvinnestølen
- Frå Bavallen (Voss) til Tvinnestølen
Kollektiv transport til startpunkt
Om du vel ruta frå Mølster til Tvinnestølen kan du starta heilt frå Voss sentrum.
Om du vel ruta frå Tvinno til Tvinnestølen kan du ta buss til Tvinnefossen og starta turen derfrå. Bruk www.entur.no for å finna busstider til Tvinnefossen.
Naturvern
Det er eit rikt dyreliv i området. Ofte kan ein treffa på reinsdyr, hare og ryper med meir. Merk at villreinen sitt leveområde er under press, og vis ekstra omsyn rundt tida kring kalving: 15. april – 15. juni. Her kan du lesa meir om korleis du kan ta omsyn når du ferdast i et villrein-område.
Medlemskap
Som medlem i DNT får du rabatt på overnatting på 550 DNT hytter, turar og kurs m.m. Bli medlem her. Hugs at born frå 0 -12 år som er medlem får gratis overnatting på dei fleste DNT- hyttene.
Gruppebestillingar
TILKOMST SOMMAR
Du/de kan koma til hytta både frå Tvinne, Bavallen (Voss) og Voladammen. Frå Tvinne går du via garden Afdal og på T-merka sti til Preststølen. Vidare er det ei seig stigning opp Tvinnekleivane og gjennom eit skar til du får auga på hytta som ligg ved Øvsta Piksvatnet (ca 3 timar frå Afdal). Om sommaren kan du og koma til hytta frå Voladammen via Volahytta eller frå Torvedalshytta via Volahytta. Vest for hytta ligg det ofte ei bratt snøfonn til langt på sommaren. Du kan då fylgja T-merka sti på nordsida av vatnet.
TILKOMST VINTER
Om vinteren kan du gå frå Bavallen, om Lønahorgi. Alternativt kan du gå frå Afdal eller Eenstølen. Frå Afdalen føl du sommartraseen.
Frå Afdal: Parker før brua, og fylg skogsvegen oppover til Preststølen. Herifrå vidare på T merka sti (vinterstid er T merkinga delvis synleg på trea)
Frå Preststølen er det litt bratt oppover gjennom skogen. Over skoggrensa går ein vestover mot Tvinnekleivane. Dette er det brattaste partiet på turen. Vanlegvis er det trygt å traversere opp mellom dei avblåste steinane. Vurdèr likevel tryggleiken då forholda endrar seg raskt.
Ovanfor Tvinnekleivane er terrenget slakare vestover mot høgaste punktet på turen, ca 1170moh. Vidare mot skaret i fjellrekka over Tvinnestølen. Herifrå vil ein sjå hytta. Nedover til hytta herifrå.
Vidare til Volahytta:
Alternativ 1: Sørover over vatnet på sørsida av hytta, forbi utløpet. Vidare sørvestover til Nedsta Piksvatnet. ( Dette vatnet er regulert/nedtappa og det kan være vanskeleg å kome seg ned på isen) Vidare over Nedsta Piksvatnet i retning Volahytta. Terrenget her kan være utfordrande då området er væreutsatt og skapar snøformasjonar. Rundt hytta er det bratte parti og ein må vurdere god veg ned.
Alternativ 2: Anbefalt rute: Gå over vatnet på nordsida av Tvinnestølen , fortset vestover over neste vatn og litt til slik at du finn den slake trasèen opp til høgdedraget. Fyl høgdedraget vidare mot Volahytta. Ved kryssing av Trolldalen kan det være nokre bratte parti, likeeins ned mot Volahytta. Rundt hytta er det bratte parti og ein må vurdere god veg ned.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk