Tvinnestølen

    Legg til huskeliste
    3
    SjekkUT-besøk

    Annonse

    I Vossafjella, rundt 7 kilometer nord for Lønahorgi, finn du Tvinnestølen. Her ligg to ubetjente hytter vakkert til ved Øvsta Piksvatnet, rundt 1060 moh..

    Hyttene på Tvinnestølen er opne heile året, og har ikkje proviant. 

    Den minste hytta er eit gamalt sjarmerande stølshus; eit sel. I 2017 blei denne hytta oppgradert med mellom an...

    Fasiliteter

    • Fiske
    • Bade
    • Teltplass
    • Vedovn

    Passer for

    • Hund
    Annonse
    Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene

    Adkomst sommer

    TILKOMST SOMMAR

    Du/de kan koma til hytta både frå Tvinne, Bavallen (Voss) og Voladammen. Frå Tvinne går du via garden Afdal og på T-merka sti til Preststølen. Vidare er det ei seig stigning opp Tvinnekleivane og gjennom eit skar til du får auga på hytta som ligg ved Øvsta Piksvatnet (ca 3 timar frå Afdal). Om sommaren kan du og koma til hytta frå Voladammen via Volahytta eller frå Torvedalshytta via Volahytta. Vest for hytta ligg det ofte ei bratt snøfonn til langt på sommaren. Du kan då fylgja T-merka sti på nordsida av vatnet.

    Adkomst vinter

    TILKOMST VINTER

    Om vinteren kan du gå frå Bavallen, om Lønahorgi. Alternativt kan du gå frå Afdal eller Eenstølen. Frå Afdalen føl du sommartraseen.

    Frå Afdal: Parker før brua, og fylg skogsvegen oppover til Preststølen. Herifrå vidare på T merka sti (vinterstid er T merkinga delvis synleg på trea)

    Frå Preststølen er det litt bratt oppover gjennom skogen. Over skoggrensa går ein vestover mot Tvinnekleivane. Dette er det brattaste partiet på turen. Vanlegvis er det trygt å traversere opp mellom dei avblåste steinane. Vurdèr likevel tryggleiken då forholda endrar seg raskt.

    Ovanfor Tvinnekleivane er terrenget slakare vestover mot høgaste punktet på turen, ca 1170moh. Vidare mot skaret i fjellrekka over Tvinnestølen. Herifrå vil ein sjå hytta. Nedover til hytta herifrå.

    Vidare til Volahytta:

    Alternativ 1: Sørover over vatnet på sørsida av hytta, forbi utløpet. Vidare sørvestover til Nedsta Piksvatnet. ( Dette vatnet er regulert/nedtappa og det kan være vanskeleg å kome seg ned på isen) Vidare over Nedsta Piksvatnet i retning Volahytta. Terrenget her kan være utfordrande då området er væreutsatt og skapar snøformasjonar. Rundt hytta er det bratte parti og ein må vurdere god veg ned.

    Alternativ 2: Anbefalt rute: Gå over vatnet på nordsida av Tvinnestølen , fortset vestover over neste vatn og litt til slik at du finn den slake trasèen opp til høgdedraget. Fyl høgdedraget vidare mot Volahytta. Ved kryssing av Trolldalen kan det være nokre bratte parti, likeeins ned mot Volahytta. Rundt hytta er det bratte parti og ein må vurdere god veg ned.

    SjekkUT | Tvinnestølen

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    3

    SjekkUT-besøk