Torfinnsheim

    Legg til huskeliste
    374
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • 28 sengeplasser
    • Åpen hele året

    Om Torfinnsheim
    Torfinnsheim er ei ubetjent hytte som er ope heile året. Hytta ligg vakkert til i høgfjellsterrenget på Gråsida og er eit ideelt utgangspunkt for både korte og lange dagsturar. Kortaste ruta til Torfinnsheim er frå Hodnaberg, som er 2 km og ca 280 høgdemeter.

    Planlegging av turen
    Torfinnsheim ligg i høgfjellet. Planlegg turen difor godt, sjekk værmeldinga og langtidsvarselet før du legg ut på tur, ta med deg nødvendig utstyr og kle deg etter vêret. I høgfjellet kan vêret endra seg fort - ver alltid forberedt for at vêret kan bli dårlegare enn meldt.

    Merknad: Redningsorganisasjonane er i stor grad baserte på frivillig innsats, og dei opplever for tida eit stort press på ressursane sine. Det er difor viktig at du er godt førebudd, tek ansvarlege val ut frå tilhøva, og er i stand til å gjennomføre turen på ein trygg måte på eiga hand.

    Lokasjon
    Torfinnsheim ligg i vestenden av Gråsidefjellet i den sørlege delen av Voss. Hytta ligg på 892 m.o.h. og er plassert rett ved Torfinnsvatnet.

    Om hytta
    Her finn du tre bygningar: ei hovudhytte, utedo og ei naudbu. Hovudhytta er stor med god plass og høver godt for større grupper/skuleklassar.
    - Tal på senger: 28 senger fordelt på seks soverom.
    - Tal på senger som er mogleg å førehandsbestille: 24 senger fordelt på fem soverom

    Fasilitetar på hytta
    Hytta har eit stort opphaldsrom, kjøkken og seks soverom.

    • Senger: Sengene har puter og dyner. Ta med eigen lakenpose/sovepose.
    • Hytta har straum til matlaging
    • Godt utstyrt kjøkken med kjøleskåp og komfyr
    • Straum og vedomn til oppvarming
    • Hytta har ikkje proviant, fyrstehjelpsutstyr eller såpe til personleg hygiene.
    • Vatn: Hytta har innlagt vatn.
    • Hund: Det er mogleg å ha hund inne i vedboden. Ver merksam på at hunden ikkje skal vera inne på kjøkken, stove eller soverom. Målet på hundeburet er LxBxH 90x55x62 cm
    • Me oppfordrar alle til å ta med søppelet sitt heim.
    • Ulåst hytte

    Aktivitetar/turforslag
    Hodnaberg – Torfinnsheim: Frå Hodnaberg går T-merka sti fram til hytta, gangtid ein god time.

    Torfinnsheim – Kiellandbu

    Torfinnsheim – Gråsida/Nansenbu

    Torfinnsheim – Vendig: Om sommarsdagen er det og T-merka sti til Vending.

    Transport til startpunkt
    Sjå www.entur.no for moglegheitene du har for å reisa kollektivt til Hodnaberg.

    Medlemskap
    Som medlem i DNT får du rabatt på overnatting på 550 DNT-hytter, turar og kurs m.m. Merk! Born frå 0 -12 år som er medlem får gratis overnatting på DNT hytter. Bli medlem her

    Historie
    Torfinnsheim var brakkeby ved reguleringa i område og Voss Utferdslag fekk kjøpa hytta hjå BKK i 1956.

    Aktuelle kart:
    Norge-serien: Voss 10038

    Anna informasjon
    - Ruta over Gråsida, via Torfinnsheim blir kvista rett før påske.

    Gruppebestillingar
    15. - 16. august 2025: Mange frivillige overnattar i samband med arrangementet Vossamarsjen.

    Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping

    Fasiliteter

    • Vann
    • Mobildekning
    • Steikeovn
    • Strømovn
    • 220v
    • Vedovn
    • Tørkerom
    • Fiske
    • Bade

    Passer for

    • Hund
    • Barnevennlig

    Lenker

    Annonse

    Adkomst sommer

    Adkomst vinter

    Bilveg til Hodnaberg. Ruta frå Hodnaberg - Torfinnsheim blir kvista rett før påske.

    SjekkUT | Torfinnsheim

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    374

    SjekkUT-besøk

    recommended