Skarvedalshytta

    Legg til huskeliste
    1
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • 5 sengeplasser
    • Åpen hele året

    Skarvedalshytta ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. 

    Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar i hytta.

    Turen til Skarvedalshytta er forholdsvis krevjande då det er mykje stigning i starten og ingen stig innover frå bekken som kjem frå Langvatnet. Fleire av bekkane kan vere utfordrande å krysse tørrskodd i den verste snøsmeltinga.

    Her inne er ein i skikkeleg høgfjellsterreng og det er generelt liten trafikk i dette området som er noko av det mest øydeliggjande i Sør Norge.

    Terrenget er krevjande å orientere seg i både sommar og vinter, ein bør derfor bruke kart/kompass eller GPS når ein skal innover til Skarvedalshytta.

    Det er fin fisk i fleire vatn og elver i 0,5 - 3 km radius frå hytta. Skarvedalshytta er såleis eit godt utgangspunkt for fisketurar. Isen reiser vanlegvis i juli/august. Ta kontakt med oss for nærare informasjon om istilhøve det enkelte år.

    Skarvedalshytta er eit flott utgangspunkt for toppturar til mellom anna Skarvedalseggje, Blåhøe og Store Gråhøe 2014 moh, den høgste fjelltoppen i Reinheimen Nasjonalpark. Frå Store Gråhøe har du utsikt både til toppar i Jotunheimen, Breheimen, Jostedalsbreen, Tafjordfjella, Romsdalsalpene, Dovrefjell og Rondane!

    Det er også fint å ta ein rundtur ei langhelg frå hytte til hytte i Reineheimen med utgangspunkt frå Billingen - til dømes via Tverråhytta, Storvassbu og Skavedalshytta.

     Ligg i Skarvedalen i Reinheimen Nasjonalpark, ca. 4 t.gange frå Billingen. Gode fiskemoglegheiter. Fint område for turgåing både sommar og vinter.

    Fasiliteter

    • Fiske

    Passer for

      Annonse

      Adkomst sommer

      Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli. Dei fleste hyttene ligg i fjellet, men det er og nokre få som ligg ved bilveg.

      Rv.15 til Billingen,opp setervegen til parkering.Umerka men tydeleg stig på vestsida av Føysa. Eller gå merka stig på austsida av Føysa til Føystjønn, over Vesle Føysa og i terrenget mot Skarvedalen.

      SjekkUT | Skarvedalshytta

      Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

      Les mer om SjekkUT
      1

      SjekkUT-besøk

      recommended