Geiterygghytta

Annonse

Om hytta

  • Område
  • Sengeplasser
    88 sengeplasser
  • Åpningstider
    Stengt i perioden 13. sep. - 3. mars
Bli DNT-medlem

Geiterygghytta ligg i 1224 meters høgde midt i Skarvheimen, fjellområdet mellom Hardangervidda og Jotunheimen. Naturen er storslått, vill og vakker. DNT har eit svært godt utbygd rutenett i området. Geiterygghytta, opna så tidleg som i 1914, er eit viktig knutepunkt for rutene frå Hol, Aurland, Finse og Hallingskeid.

Bestille opphald

Opphald på Geiterygghytta bestiller du i vår online booking. Informasjon og lenke til booking finn du her. 

Vi viderefører ordningen med forhåndsbooking av senger på de betjente hyttene, men hyttene er nå også åpne for dem som kommer uten å ha bestilt.

Her finner du DNTs oppdaterte informasjon om hytter og aktiviteter i forbindelse med smittevern.

Opningstider

Opningstider for 2022 kjem i løpet av oktober. Du kan også sjå opningstider på heimesida til Geiterygghytta.

Turmulegheiter

Med Geiteryggshytta som utgangspunkt kan du velge og vrake i turmål «på øvste hylle», og mange startar turen ned Aurlandsdalen herifrå. Kanskje får du besøk av både fjellrev og reinsdyr på turen. Med berre tre km. spasertur langs grusveg, er hytta lett tilgjengeleg for både store og små. For barnefamiliar og andre som ønsker å gå kortare turar, er det oppmerka turstigar og løyper i nærområdet. For deg som likar langturar, ligger DNTs godt merka rute- og løypenett og ventar.

Geiterygghytta er ei av hyttene langs Massiv-ruta.

Aurlandsdalen - Turen ned Aurlandsdalen er ein av landets mest populære og omtalte fotturar. Her får du oppleve dramstisk og imponerande vestlandsnatur. DNT arrangerer også fellesturar til Geiteryggshytta/Aurlandsdalen.

Les meir om turar og aktivitetar på Geiterygghytta og i området rundt.  

Kontaktinformasjon

Vertskap: Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen. Tlf.: 906 01 453 e-post: geiteryggen@dnt.no  

Medlemskort Hugs å ha med gyldig medlemsbevis.

Fasilitetar Hytta har 88 senger. Det er 44 senger i hovedbygningen, fordelt på 2-, familie-, 4- og 8- sengsrom. 44 senger i 4-sengs alkover i annekset. Det er tørkerom, toalett og dusj både i hovudhytta og i annekset.

Skuleklasser og liknande grupper: Geiterygghytta tek gjerne i mot skuleklasser. For besøk med skuleklasse må de bestille plass på hytta ved å kontakte oss på epost geiteryggen@dntoslo.no

På hytta fins det naturfaglege bøker, barne- og ungdomsbøker og spel. Det fins også noko enkelt utstyr for uteaktivitetar som ballar, bocca og kubb. I tillegg er det lavvo, fiskestenger, båt og kano med vestar. Eit stort turkart viser turmulegheiter ved hytta.

Før turstart er det viktig å gjere eit godt førearbeid med turplanlegging i samarbeid med elevane.

Vertskapet er godt kjende rundt hytta og hjelper gjerne med informasjon om turmulegheiter, aktuelle aktivitetsstader og anna praktisk informasjon.

Villrein: Hytta ligger i et av Norges 24 villreinområder. Her kan du lære mer om hvordan du skal ta hensyn til villreinen når du ferdes i fjellet. Hvis du vil vite mer om villreinens bruk av fjellet og hvordan DNT arbeider med villrein og ferdsel, finner du det på dnt.no/villrein

Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.

Fasiliteter

  • 220v
  • Båt
  • Booking
  • Kano
  • Kortbetaling
  • Tørkerom
  • Peis
  • Fiske

Passer for

  • Hund
  • Barnevennlig
  • Skoleklasser
  • Barnevogn

Slik kommer du deg dit

Adkomst mulig med

  • Sykkel

Adkomst sommer

Dagleg buss, i perioden medio juni til siste helga i august/ første helga i september, som korresponderer med tog frå Oslo/ Bergen. Bussen stoggar både på aust- og vestsida av Geiteryggtunnelen. Kjem du med bil, køyrer du fv. 50 (Hol-Aurland) til Geiteryggtunnelen. Det fins gode parkeringsmulegheiter i begge ender av tunnelen om sommaren. Frå parkeringsplass / busstopp på ausida av tunnellen er det 3,4 km å gå til hytta. Frå vestenden av tunneller er det 2,7 km. Rutetabell for Ål-Gudvangen finn du her

Adkomst vinter

Nettbuss køyrer rute mellom Oslo og Geilo. Rutetidene Oslo- Geilo finn du her

Hytta ligger lett tilgjengelig med tog til Ål i Hallingdal, herifrå kan du ta drosje til parkeringsplassen ved Vestredalsvatnet. Det er kvista løype in til hytta.

I påsken går det dagleg buss frå/til Ål og Geilo til parkeringsplassen ved vestenden av Geiteryggtunnelen. Herifrå er det ca. 5 km. langs kvista rute til hytta. Bagasjetransport kan bestillas hjå bestyraren.

SjekkUT | Geiterygghytta

Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

Les mer om SjekkUT
365

SjekkUT-besøk

Gjestebok (0)

Ingen har skrevet i gjesteboka for Geiterygghytta ennå. Ta turen og bli den første!

Annonse
mobil med SjekkUT appen åpen
person ute i naturen

SjekkUT

Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

Les mer om SjekkUT