Geiterygghytta

    Legg til huskeliste
    846
    SjekkUT-besøk

    Annonse

    Geiterygghytta ligg i 1224 meters høgde midt i Skarvheimen, fjellområdet mellom Hardangervidda og Jotunheimen. Naturen er storslått, vill og vakker. DNT har eit svært godt utbygd rutenett i området. Geiterygghytta, opna så tidleg som i 1914, er eit viktig knutepunkt for rutene frå Hol, Aurland, Finse og Hallingskeid.

    Bestille opphald

    Opphald på Geiterygghytta bestiller du i vår online booking. Informasjon og lenke til booking finn du her. 

    Opningstider

    Du kan sjå opningstider lenger opp på sida, eller på heimesida til Geiterygghytta.

    Turmulegheiter

    Med Geiteryggshytta som utgangspunkt kan du velge og vrake i turmål «på øvste hylle», og mange startar turen ned Aurlandsdalen herifrå. Kanskje får du besøk av både fjellrev og reinsdyr på turen. Med berre 3 km spasertur langs grusveg, er hytta lett tilgjengeleg for både store og små. For barnefamiliar og andre som ønsker å gå kortare turar, er det oppmerka turstigar og løyper i nærområdet. For deg som likar langturar, ligger DNTs godt merka rute- og løypenett og ventar.

    Geiterygghytta er ei av hyttene langs Massiv-ruta.

    Aurlandsdalen - Turen ned Aurlandsdalen er ein av landets mest populære og omtalte fotturar. Her får du oppleve dramstisk og imponerande vestlandsnatur. DNT arrangerer også fellesturar til Geiteryggshytta/Aurlandsdalen.

    Les meir om turar og aktivitetar på Geiterygghytta og i området rundt.  

    Kontaktinformasjon

    Vertskap: Torill Opedal Hauge og Kjetil Hauge
    Tlf.: +47 90601453
    E-post: geiteryggen@dnt.no  

    Medlemskort

    Hugs å ha med gyldig medlemsbevis.

    Fasilitetar 

    Hytta har 88 senger. Det er 44 senger i hovedbygningen, fordelt på 2-, familie-, 4- og 8- sengsrom. 44 senger i 4-sengs alkover i annekset. Det er tørkerom, toalett og dusj både i hovudhytta og i annekset.

    Skuleklasser og liknande grupper

    Geiterygghytta tek gjerne i mot skuleklasser. For besøk med skuleklasse må de bestille plass på hytta ved å kontakte oss på epost geiteryggen@dnt.no 

    På hytta fins det naturfaglege bøker, barne- og ungdomsbøker og spel. Det fins også noko enkelt utstyr for uteaktivitetar som ballar, bocca og kubb. I tillegg er det lavvo, fiskestenger, båt og kano med vestar. Eit stort turkart viser turmulegheiter ved hytta.

    Før turstart er det viktig å gjere eit godt førearbeid med turplanlegging i samarbeid med elevane.

    Vertskapet er godt kjende rundt hytta og hjelper gjerne med informasjon om turmulegheiter, aktuelle aktivitetsstader og anna praktisk informasjon.

    Villrein

    Hytta ligger i et av Norges 24 villreinområder. Her kan du lære mer om hvordan du skal ta hensyn til villreinen når du ferdes i fjellet. Hvis du vil vite mer om villreinens bruk av fjellet og hvordan DNT arbeider med villrein og ferdsel, finner du det på dnt.no/villrein

    Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.

    Fasiliteter

    • 220v
    • Båt
    • Booking
    • Kano
    • Kortbetaling
    • Tørkerom
    • Peis
    • Fiske

    Passer for

    • Hund
    • Barnevennlig
    • Skoleklasser
    • Barnevogn
    Annonse
    SkarvheimenHallingdal

    Adkomst mulig med

    • Sykkel

    Adkomst sommer

    Dagleg buss, i perioden medio juni til siste helga i august/ første helga i september, som korresponderer med tog frå Oslo/ Bergen. Bussen stoggar både på aust- og vestsida av Geiteryggtunnelen. Kjem du med bil, køyrer du fv. 50 (Hol-Aurland) til Geiteryggtunnelen. Det fins gode parkeringsmulegheiter i begge ender av tunnelen om sommaren. Frå parkeringsplass / busstopp på ausida av tunnellen er det 3,4 km å gå til hytta. Frå vestenden av tunneller er det 2,7 km. Rutetabell for Ål-Gudvangen finn du her

    Adkomst vinter

    Nettbuss køyrer rute mellom Oslo og Geilo. Rutetidene Oslo- Geilo finn du her

    Hytta ligger lett tilgjengelig med tog til Ål i Hallingdal, herifrå kan du ta drosje til parkeringsplassen ved Vestredalsvatnet. Det er kvista løype in til hytta.

    I påsken går det dagleg buss frå/til Ål og Geilo til parkeringsplassen ved vestenden av Geiteryggtunnelen. Herifrå er det ca. 5 km. langs kvista rute til hytta. Bagasjetransport kan bestillas hjå bestyraren.

    SjekkUT | Geiterygghytta

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    846

    SjekkUT-besøk