Sjøglytt - dagsturhytte i Stad kommune

Annonse

Om hytta

  • Område
  • Sengeplasser
    Ingen sengeplasser
  • Åpningstider
    Hele året

Dagsturhytta Sjøglytt ligg i Stad kommune. Hytta ligg på Risnakken, rett ovanfor Selje sentrum. På Risnakken er det også utandørs treningsapparat, ein gapahuk og leikeområde. Og ikkje minst ein fantastisk utsikt mot Selje sentrum, sanden, Selja, Stadhalvøya og Stadthavet.

Hytta ligg på om lag 135 moh. Turen opp tek 10 - 30 minutt avhengig av tempo.

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

Les meir:

Tilpasset for

  • Skoleklasser

Slik kommer du deg dit

Adkomst sommer

Du kan parkere i Selje sentrum, ved skulen eller eventuelt ved Kyrkjevegen Næringsbygg. Kjem du padlane, kan du parkere Kajakken ved servicebygget/Seljesanden. Eventuelt med flytebrygga i småbåthamna.

Ankomst ved kollektivtransport:
Buss: Gå av ved busskuret ved Selje skule.
Båt: Gå frå kaia mot Seljesanden. Då ser du løypa rett fram.

Turen startar i Skogaveien ved doktorgården. Ein går ca. 100 meter på vegen i retning mot kyrkja. Då vil ein på høgre side av vegen sjå skilt og starten på trappa mot Risnakken. Det er bratt, men gode trappetrinn. Og ein kan ta seg god tid om ein vil. Løypa er lyssett og kan nyttast heile året. Frå Risnakken er det merka sti vidare mot Kvenshusdalen (der er fiskevatn) og vidare til høgaste toppen i Selje: Tarvaldseggja.

Ein kan også ta det som ein liten rundtur. Det går sti frå Risnakken og vidare bak mot Djupedalen. Denne stien blir snart oppgradert til ein turveg. Slik at endå fleir kjem seg opp til dagsturhytta og sett den fantastiske utsikta.

Annonse

Eier

Vestland fylkeskommune
Værvarsel ikke tilgjengelig