Les mer om hva du må ta hensyn til når du ferdes i sårbar natur.
Vetledalseter ligger øverst i Erdalen Stryn og blei opna som DNT-hytte sommaren 2011. Den er sett i stand av Indre Nordfjord Turlag og er eit flott utgangspunkt for turer mot Vetledalsbreen, mot Infimus som ligg lengst inn mot brevatnet til Erdalsbreen. Turen inn til hytta frå Erdalen passar godt for barnefamilie, og tar ca...
Frå Riksveg 15 tar ein av til bygdevegen til Erdalen .( Der er parkering like før ein kjem inn til siste garden) Herifrå og til Vetledalssetra må ein rekne 2 timar. Køyrer ein vidare gjennom gardstunet på Greidung kan ein køyre bil på bomveg til Loppeset. Dette kortar turen med inntil halvtimen. Det er no komt ny sti til Storesetra - bygd av sherparar - så lett å kome seg hit. Frå Storesetra til Vetledassetra må ein beregne ca. 1/2 time på delvis umerka men god sti fram til Vetledalssetra. Overnattar ein her kan ein fint ta kveldstur inn til Infimus lengst inn med Erdalsbrevatnet.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk