Grøssete

    Legg til huskeliste
    41
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • 4 sengeplasser
    • Åpen hele året

    Beliggenhet

    Grøssete ligg på ein gamal seter på austida av dalavatnet i Sogndalsdalen.

    Rom

    Hytta er eit ombygd lite setersel, som vart opna i 2001. Hytta har fem sengeplassar, eit soverom med 4 senger og ein sengebenk i stova, i tillegg kan inntil to personar liggje på golvet, me har madrassar til det.

    Utstyr

    Grøssete er utstyrt med det du treng for ein enkel overnatting (koketopp, dyner og pute, ullpledd, kjeler, steikepanne, koppar og bestikk), men du må ta med alt av mat og lakenpose sjølv.

    Vatn

    Vatn finn du i bekken attmed hytta om sommaren, og snø om vinteren.

    Hund

    Hunden må sove i vedskjulet og kan ikkje være inne i hytta.

    Naturvern

    Hugs alltid sporlaus ferdsel og vis respekt mot beitedyr.

    Bestilling og betaling

    Hytta må bestillast via hyttebestilling.

    Du kan ogs betale via vipps eller bankkonto. Sjå prisar under.

    DNT-medlemskap

    Hytta er låst, så hugs DNTs standardnøkkel, kan lånast mot depositum hjå Intersport i Sogningen.

    Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!

    _________

    Prisane for bruk av hytta er:

    Medlem DNT-ST/Ikkje medlem

    Dagsbesøk med bruk av ved/gass kr. 50,-/kr. 100.-

    Overnatting vaksne kr. /kr. 250,-/450

    Overnatting ungdom 13-26 år kr. 150,-/250

    Overnatting, born under 4-12 år kr gratis/100

    Overnatting born, 0-4 år (saman med føresette) gratis

    Betal gjerne med giro til kontonr.: 3785.13.99373 eller VIPPS: 99206


    Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.

    Fasiliteter

    • Booking
    • Mobildekning
    • Steikeovn
    • Vedovn
    • Wc

    Passer for

      Annonse

      Adkomst sommer

      Parker bilen ved Kvamshagen, der det er laga parkeringsplass (NB bruk KUN tilviste plasser). Stien er merkt herifrå, og går på vestsida av elva/fossen, nokså bratt til ein er kome forbi fossen. Herifrå på god sti fram til under siste bakken og vidare litt bratt opp til Grøssete. Turen tek om lag 1-1,5 timar opp til hytta, om lag 1 time ned att. Hugs DNTs standardnøkkel dersom du vil inn i hytta.

      Adkomst vinter

      På vinteren kan du nytte den nye vegen som er laga på austsida av fossen. 

      SjekkUT | Grøssete

      Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

      Les mer om SjekkUT
      41

      SjekkUT-besøk

      recommended