Kinn Sunnivaleia rundt øya

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 4,6 km
  • 1 t, 30 min
  • Rundtur
  • 111 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Dette er ein del av Sunnivaleia / Pilgrimsleia som går rundt øya på sørsida og over Høyskaret til Kinnakyrkja.

Turen startar frå rutebåtkaia og ein tek til venstre bak det kvite huset. Det er merka med pilskilt til Kinnakyrkja. På sørsida av øya finn ein rester etter eldre busetnad. Det er fin utsikt til Atløya, Tviberg, Alden, Værlandet og Bulandet i Askvoll kommune. Ein går over Høyskaret og nede på flata og tar ein til høgre mot kyrkja. Høyskaret er turens høgaste punkt med 110 moh.

Frå Kinnakyrkja fortset ein til rutebåtkaia på den grusa vegen omlag 1 km. Du går forbi DNT hytta omlag halvegs.

På denne stien er det QR kodar der ein kan lese, ved hjelp av mobil app, om dei historiske plassan som ligg langs Sunnivaleia. Rett før Høyskaret ligg Olav Trygvason hellaren. Frå kyrkja til kaia er det 1,3 km på god grusveg. Synnivaleia går også over Reksta.

Det gamle skulehuset på høgre side av vegen er Flora Turlag si ubetjente DNT hytte som kan brukast av alle. Har du lyst på ei natt eller to på Kinn - ta kontakt med Signe Nordvik på telefon: 415 30 520 eller mail: signe.nordvik@gmail.com. Det er kodelås på hytta. Oppdatert informasjon om hytta finn du på ut.no: Kinn ubetjent DNT hytte

Sporet på kartert er gått som ein rundtur.

God Tur!

Adkomst med egen bil

Rutebåt til Kinn

Adkomst med kollektivtransport

Rutebåt til Kinn
Annonse