Denne turbeskrivelsen er hentet fra heftet og tur nr 18 i "Høyr fjella lokka" - 19 turar i Vaksdal.
Sjeldan flott naturrikdom
Her har det vore stølsdrift frå 1600-talet og fram til 1967. Dei beste beiteområda i heile Vossaveldet,
vart det den gong hevda. Stølshusa breier seg opp etter mjuke haugar. Og husa står der
enno, som dei alltid har gjort. Stien til Trefallstølen startar midtvegs mellom Trefall og Ekse. Følg T-merka sti mot Selhamar i Stølsheimen. Trefallstølen rekk du på ein god halvtime gjennom det lett skrånande og småkuperte terrenget.
Går du 20 minutt vidare langs løypa, kjem du til Kvanndalsvatnet. Her er det fint å fiska etter aure,
og som regel er han på betet. Eit anna alternativ er å laga det til ein rundtur der du går vidare til Gullbråholmen og ned den vegen.