Hjellbrekkestøylen og Skogstadfjellet/Stølsfjellet

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 3,7 km
  • 2 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 505 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - nov

Hjellbrekkestøylen er ein støylstur som eignar seg godt som familietur. Store delar av stien går på eldre skogsveg i ganske flatt terreng. Siste del av ruta går på sti opp til støylen. Her får du fin utsikt mot Jølster Skisenter, Hjellbrekke, Støfring og Dalevatnet. Flott terreng til å jogge i, ev. stisykling. Om somrane går det ein del kyr og sauer på beite i området. Så lat att grinder etter deg. Turen tek ca 30-45 minuttar opp.

Frå støylen kan du gå vidare opp til Skogstadfjellet for å få utsikt mot Angedalen og Førdefjella i tillegg til fjella lengst vest i Jølster. Stien er utydeleg, men du finn eit og anna raudt merke. Lett og fint terreng å gå i. Du brukar kring 30-45 minuttar frå støylen og opp. Flott varde med bok i på toppen. Fjellet vert omtala som Skogstadfjellet, mens det på kartet heiter Stølsfjellet. Mange besøker denne toppen ved å ta vegen frå Angedalen og opp. Sjå lenke for denne turskildringa. 

AC Kapstad for IST 

Adkomst med egen bil

Ta av E39 ved Hjellbrekke. Turstart ved gardsbruka på Hjellbrekka. Du skal ikkje parkere i gardstuna sidan du vert til hinder for gardsdrifta. Parker helst i området ved Vassenden barnehage i Hjellbrekekfeltet, og gå vegen opp til gardane på Hjellbrekka. 

Annonse