Varden (845 moh) gir flott utsikt over gardane i Gjesdalen, Vassenden sentrum, Jølstravatnet og Tindefjellet. I varden på Varden er det bok som du kan skrive namnet ditt i. Du startar turen i enden av skogsvegen (kring 550 moh) som går nesten opp til Bakkestøylen. Det er tidvis sti opp til Varden. Du går i noko myrlendt terreng første del før du kjem opp i tørrare lyngterreng når du nærmar deg ryggen og toppen. Turen opp til Varden tek kring 30-40 minuttar.
Frå Varden kan du forlenge turen med kring 15-20 minuttar ved å gå i lett terreng på brei rygg til Stordalsfjellet (967 moh). GPS-sporet er lagt raskaste veg midt på ryggen. Om du ønsker kan du gå meir nord-vestleg retning på ryggen og få flott utsikt mot Hjellbrekke og øvste del av Jølster Skisenter. Om du vel å gå i meir sør-austleg retning på ryggen vil du få utsikt over store delar av Gjesdalsdalen og fjella kringom. På toppen av Stordalsfjellet får du utsikt mot toppen av Kvamsfjellet, som er høgste punkt på fjellrekka.
AC Kapstad for IST
Ta av E39 på Vassenden og køyr fylkesveg 451 inn til fotballbana ved Vassenden skule. Ta av mot Gjesdalen. Følg vegen opp til du kjem til ei bru som går over Gjesdalselva. Like før brua skal du svinge av mot skogsveg der du må betale 50 kr i bompengar (Vipps). Skogsvegen går nesten opp til Bakkestøylen.