Hammarsegga - rundtur frå støyl til støyl

Legg til huskeliste
Annonse

Hammarsegga gir ei kjensle av høgfjell sjølv om du på mange måtar er i låglandet i Jølsterfjella. Turen gir mykje flott utsikt, og passar godt dersom det er skodde og snø på dei høge toppane rundt Jølstravatnet. Som kveldstur i godveir vil du oppleve nydeleg solnedgang i vest. 

Turstart ved Jølstravatnet og rett opp til Kjelsnesstøylen på god sti. Sjå lenke med eiga turskildring opp til Kjelsnesstøylen. Det er noko bratt terreng å gå i opp til støylen. Frå støylen går du vidare mot Hammarsegga i søraustleg retning på delvis sti. Frå toppen av egga får du flott utsikt mot vest og aust, og ser Jølstravatnet og store delar i kring.

Frå toppen av egga går du vidare over egga i noko myrlendt og vått terreng. Det er ikkje sti frå Hamarsegga og vidare til neste støyl. Du passerer nokre små elvefar som er greie å passere. Omlag halvveges frå egga mot Hamarsbakkestøylen går du forbi ein steinformasjon som er eit flott utkikkspunkt. Her ser du også rett ned på Hamarstøylen, som ligg litt lenger nede i lia. Du kan gå ned til denne støylen, og følgje stien her i frå og ned til Jølstravatnet også. Om du går til Hamarsbakkestøylen, slik GPS-sporet her gjer, følgjer du stien frå denne støylen ned att til Jølstravatnet. Sjå lenke for å få grundigare skildring av turen ned att frå Hamarsbakkestøylen til Jølstravatnet. Vel nede att følgjer du fylkesvegen attende til startpunktet.

I dag er det mest berre dyretrakk å sjå som stiar mellom dei tre støylane i dette området. I gamle dagar, når det var støylsdrift, var det annleis. Då var det gode stiar mellom støylane sidan støylsfolket ofte besøkte kvarandre.

Turen tek 3-4 timar som rundtur. Området har ein del beitedyr, og du passerer fleire grinder. Det er viktig at du let desse att etter deg.

AC Kapstad for IST 

Adkomst med egen bil

Ta av E39 på Vassenden, og køyr på fylkesveg 451 langs sørsida av Jølstravatnet i ca 2-3 km. Parker på utkøyrsel nede ved vatnet under husa i Vassbakkane. Parker slik at du ikkje er til hinder for trafikk langs fylkesvegen. 

Annonse