Grytadalen til Klauvekeipen 769 moh

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 8,6 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 792 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - apr

Turen startar frå andre parkeringsplass nedanfor Magnhildskadtunnelen 400 moh. Følg merka løype til du kjem til skiltet som viser til Klauvekeipen. Det er eit tråkk som er skilta og varda på austsida av Dyrelifjellet 667 moh. Ruta er varda opp mot Dyrliskardet og over slik at ein ikkje taper for mykje høgde. Gå langs sida bortover til ein treff løypa som kjem opp bekkefaret frå bilvegen og mot Klauvekeipen. Det er nokre skilt langs ruta som viser retning. 

Alternativ turstart: Ein kan også gå til Klauvekeipen opp elvefaret lenger ned i Grytadalen. Det er satt opp skilt ved Fv 614 som viser retning. Ein følgjer elvefaret opp til ein møter på stien som kjem frå parkeringsplassen lenger oppe.

Turen på ski kan ein gå same rute, men start då frå øvre parkeringsplass i Grytadalen.

Nokre av turmåla er eksponert for iskast frå vindturbinar i Guleslettene vindkraftverk. Planlegg turen og sjekk oppdatert iskastvarsel her

Tenk sikkerhet, ha respekt for vind og vær og sjekk snøskredvarsel på varsom.no før du legger ut på tur!

Sporet er gått 04 07 22

God tur!

Adkomst med egen bil

Kjør opp Grytadalen til Magnhildskartunnelen på FV 614. Start ved den nederste parkeringsplassen på vestre side.

Annonse