Fottur til Skarstøylen og Hegrenesnipa på Ålhus

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 8,4 km
  • 5 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 647 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Hegrenesnipa er ein markert fjelltopp på Ålhus som gir opa utsikt vestover Jølstravatnet mot Vassenden. På ruta opp via Skarstøylen får du også utsikt austover Jølstravatnet. Stien opp passerer i området i nærleiken til Øyskaret. Frå Øyskaret er det fleire ulike turmogelegheiter vidare til både Bjørsetfjellet, Tverrlifjellet og fjellrekka vidare til Dalefjellet. Du kan og lage ein rundtur til Hegrenesnipa ved å følgje stien frå Øyskaret som kjem opp frå Årdal til Hegrenesnipa.

Frå toppturparkeringa går du nedover Ålhusvegen i søraustleg retning og tek av på skogsveg i austleg retning. Følg skogsvegen heilt opp til Skarstøylen. Ruta opp støylen er gradert som grøn rute (enkel). Her er mykje beitedyr, så lat att alle grindene etter deg på veg opp skogsvegen.

Frå Skarstøylen følgjer du ein gjengrodd skogsveg vidare over myrene der også kraftlinja går. Du passerer under kraftlinja oppe i skaret, og får utsikt austover Jølstravatnet og mot Øyskaret. Du er her på punktet der det går sti opp til Bjørsetfjellet, og bort til Øyskaret der stien frå Årdal går opp til Hegrenesnipa (sjå lenke).

Frå kraftlinja i skaret går du i vestlig retning i bratt terreng oppover ryggen. Nokre parti opp her er det noko bratt på parti der det er litt steinar og berg. Når du har tatt deg opp det bratte partiet opp ryggen held du fram i vestlig retning over fjellplatået og ut til varden som står på vestlegaste side av fjellet.

Tips
Turen opp til Skarstøylen går på skogsveg heile vegen. Dette er ein enkel tur som høver for dei fleste. Ruta opp her er gradert som grøn rute (enkel).

Stien opp ryggen frå kraftlinja til Hegrenesnipa er litt bratt enkelte parti, og og bør berre brukast på dagar når det er tørt og fint i terrenget. Ingen luftige parti, men det kan vere ubehageleg å gå på partia med glatte steinar og sva. Denne delen av stien er også undersolt om våren, og det kan lenge ligge ei snøfonn over stien ganske lenge utover våren i dette bratte partiet. Du bør ikkje ta deg opp snøfonna om denne ligg. Då bør du heller undersøke om det er betre å velje stien som går opp frå Årdalen og opp på nipa via Øyskaret.

Du kan forlenge turen din ved å ta deg opp til både Bjørsetfjellet og følgje stiane her til t.d. Bjørsetstøylen, eller gå frå Øyskaret og opp til fjellrekka rundt Tverrlifjellet og Dalefjellet. Sjå lenker for tips til andre turmål.

Fakta
Frå parkeringa til Skarstøylen går du på skogsveg i omlag 2 kilometer ein veg og 4 kilometer t/r. Høgdemeter omlag 250. Tid: 45 min - 1 time opp og 1,5 time t/r.

Frå parkeringa til Hegrenesnipa: Omlag 4,2 kilometer ein veg, og 8,4 kilometer t/r, og 650 høgdemeter. Tid: 3-3,5 time opp og 5-6 timar t/r.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Ta av til Ålhusvegen frå Jølstravegen (E39). På Indrebø, innerst i Ålhusdalen, parkerer du på toppturparkeringa til Sunnfjord kommune. Betaling med Vipps for parkering. I denne turskildringa er det her turen startar og sluttar.

Adkomst med kollektivtransport

Ta rutebuss om går langs Jølstravegen (E39). Gå av bussen på Ålhus ved Ålhus kyrkje. Gå inn til turstart på Indrebø.

Annonse