Dette er ein godt tilrettelagt tur som tek deg inn i eit av dei vakraste turområda i Jølster. Ruta går opp frå Skei og over fjellryggen langs Kjøsnesfjorden. Fjellryggen vert av mange kalla "Jølstraegga". Undervegs får du setje føtene midt inn i eit av Nikolai Astrup sine kjende motiv "Kollen". Dette er den første toppen du passerer som heiter Kleivafjellet. Flott og lett fjellterreng å gå i, med stor utsikt til Kjøsnesfjorden og Grovabreen, heile vegen mellom Kleivafjellet og Høgenipa.
Turen går i eit område der fjellpioneren William C. Slingsby også besøkte. Han skriv følgjande om opplevinga si; "(...), og vi fikk en av de mest interessante turer jeg har hatt. I lang tid gikk vi på den brede rygg av disse imponerende høyder, og så fire, fem tusen fot ned på det blågrønne vann i denne trolske arm av Jølstervann" (s.162-163, Til Fjells i Norge, W.C. Slingsby, 2004)
Utsikta er flott både frå Vikastøylen, Kleivafjellet, Skafonnfjellet og Høgenipa. Turen nedanfor er skildra med fire ulike delmål slik at du sjølv kan velje kor langt du vil gå. Det er ingen luftige parti undervegs, og det er ingen parti med klyving.
Til Vikastøylen: Turen startar ved gamle HV-10 bygget på Skei, nord for Vikaelva. Du startar på gjengrodd skogsveg og tek deg inn i skogen med svak stigning i starten. Etterkvart vert det brattare oppover skogen. Stien er godt tilrettelagt med steinar og steg der det trengs. Etter å ha tatt mykje høgde i bratt terreng dreiar stien i sørlig retning der du følgjer ein rygg i terrenget eit godt stykke bort til støylen. Det er ein bratt støylstur som går på godt merka og tydeleg sti heile vegen.
Til Kleivafjellet frå Vikastøylen: Frå støylen går du vidare i sørleg retning ned mot ei grov som du passerer. Du går i myrlendt terreng med jamn stigning oppover til ryggen. Det kan vere nokre våte parti undervegs oppover. Oppe på ryggen dreiar stien i austleg retning og vert noko brattare opp mot toppen. Når du er komen opp på Kleivafjellet er du ferdig med dei brattaste høgdemeterane.
Frå Kleivafjellet til Skafonnfjellet: Følg stien på ryggen vidare i austleg retning. Jamn og lett stigning heile vegen. Lett og fint fjellterreng å gå i.
Frå Skafonnfjellet til Høgenipa: Hald fram i austleg retning vidare innover fjellryggen. Ryggen er kupert, så du må ta deg litt ned og opp undervegs. Det siste stykket opp mot Høgenipa gir deg nokre høgdemeter til på stien som dreiar i søraustlig retning opp mot toppen. Sidan du skal ein del opp og ned langs ryggen bort til Høgenipa får du også ein del stigning på returen attende til Skafonnfjellet.
Tips
Vikastøylen: Det eine selet er ope og der finn du bok du kan skrive deg inn i. Dette selet er ofte markert med eit norsk flagg, og det er skilta med namnet til Vikastøylen og høgda på støylen.
Vikastøylen til Kleivafjellet: Det går an å lage seg ein runde ved å gå opp til Husefjellet frå Vikastøylen. Det er fint å gå langs ryggen på Husefjellet. Du kjem då inn på stien til Kleivafjellet i skaret. Denne kan du følgje opp til Kleivafjellet, og ta den merka stien til Vikastøylen ned att.
Kleivafjellet: Nedanfor toppen, i sørleg retning, ligg det ei nødbu. Denne er plassert rett ved fjellvatnet nedanfor toppen. Nødbua er ikkje merka av i kartet, så du må orientere deg ned frå toppen i retning mot det vesle vatnet. Noko bratt terreng i dette området, så du må velje den slakeste ruta ned. Her er det ikkje tydeleg sti å følgje ned frå toppen.
Skafonnfjellet: Her er det eit stikryss der du møter stien som kjem opp frå Fossheimsdalen via Løkjabottsegga.
Høgenipa: Det kan vere fint å gå i søraustleg retning vidare på ryggen ut til høgda 1269 moh. Her er utsikta enno meir opa nedover Kjøsnesfjorden. På Høgenipa møter du og stien som går ned til Instebotnvatnet og Fossheimsdalen (sjå eigen rundtur i lenke). Stien ned frå Høgenipa til Fossheimsdalen går i bratt og noko eksponert terreng. Det kan ofte ligge snø i denne sida til langt ut på våren og tidleg sommar. Ikkje ta deg ned denne stien dersom du møter på snø.
Fakta
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Turen startar på Skei. For å kome til turstart tek du Kjøsnesfjordvegen og vidare opp Vikagarden. Turstart ved bru over Vikaelva rett ved byggefelt.
Det er tilrådd parkering på offentlig parkeringsplass på Skei. T.d. ved det gamle kommunehuset.
Ta rutebuss til Skei i Jølster. Gå til fots til turstart ved byggefeltet Vikagarden.