Rundtur på gamle stiar til Svidalsstøylane

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 5,2 km
  • 1 t, 30 min
  • Rundtur
  • 292 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - nov

Dette er ein flott rundtur der du går forbi alle støylshusa på Svidalsstøylane, som ligg bak Tindefjellet. Dette er ein tur i nydeleg dalføre i Jølster med godt velhaldne støylar. Turen eignar seg spesielt godt som familietur sidan du går i terreng som er jamt stigande og byyr på ein god del variasjon. Turen oppfølgjer den gamle støylsråka langs elva. Her vil du passere parti som viser kva krefter som var i sving under rasa i Jølster i 2019. Ned att er ruta lagt via sti frå støylane og ned skogsvegen. 

Rundturen tek 1-2 timar. Det er mykje beitedyr i området, så hugs å lat att grindane etter deg.Om du vil forlenge turen, og få utsikt over heile dalføret du er i, kan du gå oppom Kyrkja . Sjå eiga turskildrig for denne turen.

AC Kapstad for IST 

Adkomst med egen bil

Ta av E39 opp til dei øvste gardane i Svidalen. Parkering på toppturparkering. 

Annonse