Skafonnfjellet og Høgenipa frå Fossheimsdalen

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

Denne turen gir deg vandring på toppane langs fjellrekka i Køsnesfjorden, og byr på nydeleg utsikt i vakkert fjellterreng. Ekstra positivt at det er ein relativt lett tur å gå sidan terrenget er som skapt for fjellvandring. Turen er godt merka med skilt og raude merke. God og tydeleg sti nesten heile vegen.

Turstart frå parkering ved dammen i Fossheimsdalen, og vidare opp til utsiktspunktet Nyken (sjå lenke). Noko vått og myrlendt terreng opp til Nyken. Her i frå og opp til Løkjabotsegga, og vidare til Skafonnfjellet, vert terrenget tørrare og lettare å gå i. Noko bratt opp frå Nyken før terrenget flatar ut inn mot "foten" opp til Skafonnfjellet. Du har nydeleg utsikt mot Jølstravatnet i vest heile vegen, og når du nærmar deg Skafonnfjellet får du gradvis flott utsikt innover den nydelege Fossheimsdalen.

På toppen av Skafonnfjellet får du utsikt mot Kjøsnesfjorden, og dei dramatske fjella omkring. Frå Skafonnfjellet går du i kupert og lett terreng langs ryggen mot Høgenipa. På Høgenipa er det bok å skrive namnet sitt i.

Turen opp tek kring 2-3 timar. Frå Skafonnfjellet til Høgenipa må du gå nokre høgdemeter opp og ned langs ryggen. Om du skal gå same veg i retur er det greit å hugse på at du har nokre motabakkar igjen på returen langs ryggen. Du går på brei rygg heile vegen frå Skafonnfjellet til Høgenipa. Du passerer ingen punkt som er luftige. Fjellsidene er bratte på begge sidene av ryggen, så du bør kunne orientere med kart/kompass dersom du går turen i tåke.

Eit alternativ til retur er å gå frå Høgenipa og vidare attende til Fossheimsdalen ved å følgje ruta mot Dammen (5,0 km frå Høgenipa). Denne er merka med raud vanskegrad av dei som har merka stiane i området. Du kan også lage ein fin rundtur ved å kombinere turen til både Skafonfjellet og/eller Høgenipa ved å også passere Kleivafjellet og Vikastøylen. Sjå lenke til denne turen.

Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av E39 ved Skei skule og køyr skogsveg opp Fossheimsdalen. Bom til skogsveg kostar 50 kr.
Annonse