Tursti til Kviteggjo (Kvitegga) frå Omvikdalen, Kvinnherad

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    7,8 km
    3 timer
    Turen går tur/retur samme vei
  • Sesong
    Apr - okt
  • Turkart: Folgefonna Nasjonalpark. Du finn eit pdf-kartblad for området ved å bla i bilda øvst.
  • Start- og sluttpunkt og parkering: På Hjelmeland, ovanfor Revuro fellesfjøs. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.
  • Merking: Skilt og informasjonstavle ved P-plasssen. T-merkt sti til Kviteggjo frå skilt ved vegenden ca. 600 moh.
  • Høgdeskilnad: 100 - 677 moh.

.

TUROMTALE

Frå P-plassen følgjer ein skogsvegen oppover til endes ca 600 moh., der flatar terrenget ut. Herfrå er det skilta og T-merkt sti i nordleg lei, først over lita bru og vidare over høgda 677 moh. og litt ned mot vest til ein liten varde. Flott utsikt over bygder og fjord.

Det meste av turen går etter god, grusa skogsveg og elles i lett terreng, og høver godt både for unge og godt vaksne. Para- og hanggliding har funne eit eldorado for uthopp i dette området.

GODE RÅD

Det er ein alternativ sti: "Per Korsvolds veg" frå varden og tilbake til skogsvegen, sjå GPS-sporet. Denne stien går litt lågare i terrenget, men er ikkje merkt.

Slik kommer du deg dit

Adkomst mulig med

  • Kollektivtransport

Adkomst

Ta av Fv 500 ved bensinstasjonen og køyr opp Omvikdalen. Rett etter at vegen flatar ut, ta til venstre ved skilt og opp grusveg til parkering 60 meter ovanfor stor driftsbygning.

Annonse