Tursti til Nonshaug frå Omvikdalen, Kvinnherad

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 6,9 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 730 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering: Ved Omvikdalen skule / Dalheim ungdomshus.
  • Start- og sluttpunkt: På Ripel, der vegen frå Sandvikjo møter vegen frå Fet.
  • Merking: T-merkt sti frå startpunktet på Ripel der skilt og informasjonstavle er oppsette.
  • Høgdeskilnad: 55 – 810 moh.

.

TUROMTALE

Frå P-plassen ved Omvikdalen skule går ein langs fylkesvegen sørover ca. 200 m til vegkryss ved Ripel der ruta startar. Ein følgjer utmarksvegen og passerer to grindar opp til ein sving før vegenden ca 350 moh. 

Skilt til Nonshaug ved høgre vegkant viser inn på stien. Først ca. 100 m gjennom granskog og vidare i opnare lende opp til Krukestøl, der garden Øvre Sandvik støla i gamal tid. 

Vidare opp til Nonshaug og steinvarde på austre topp mot Omvikdalen. Vakker utsikt over kommunens største jordbruksbygd.

GODE RÅD

  • Det er T-merkt sti frå Nonshaug sørover til Tverrfjell. Sjå turomtale: Tursti til Tverrfjell frå Uskedalen
  • Bruk fantasien for å planleggja interessante turar.
  • I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Ta av frå Fv 500 i Sandvik eller på Fet.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse

on the path