Tursti til Tverrfjell frå Uskedalen , Kvinnherad

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 14,9 km
  • 5 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 865 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt 1,4 km ovanfor Haugland. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.
  • Merking: Informasjonstavle ved P-plassen. Nødvendig skilting langs skogsvegen. T-merkt frå der stien tek av frå enden av skogsvegen.
  • Høgdeskilnad: 85 – 932 moh.

.

TUROMTALE

Gjennom grinda følgjer ein skogsvegen ca. 1 km opp til vegkryss med skilt mot venstre til Mannsvatnet og Tverrfjell. Følg skogsvegen til endes til skilt for stien opp gjennom bjørkeskogen. Over tregrensa følgjer ein merkinga over Hauglandsfjellet til Tverrfjell.

GODE RÅD

  • Frå Tverrfjell kan ein ein følgja T-merkte ruter til Gråfjell og ned i Myklebustdalen, eller til Nonshaug og ned i Omvikdalen: Tursti til Nonshaug frå Omvikdalen 
  • Bruk fantasien for å leggja opp interessante turar.
  • I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Frå Fv 500 tek ein av på vegen skilta mot Musland. Vegane frå begge dalsider møtest på Haugland, då er det 1,4 km oppover mot Musland til P-plass ved grinda til skogsvegen.

Adkomst med kollektivtransport

Ingen.

Annonse

on the path