.
Turen startar frå busslomma på Fv 500 ca. 150 meter nord bensinstasjonen, mot Rosendal. Følg grusa gangveg opp gjennom byggjefeltet til tydeleg sti opp lia via Ådnaklett og Storhaug.
Lett gange frå Storhaug inn til Mannsvatnet. Legg merke til dei karakteristiske moreneryggene.
Ein kan gå langs sørvestsida av Mannsvatnet til ungdomslagshytta Fjelly, og vidare inn til den idylliske Vatnastølen med to restaurerte stølshus. Alternativ retur kan vera den merkte ruta ned til Øvre Haugland, sjå oversiktskart.
Sjekk også turforslag til Solfjellet viss du vil gå litt lengre: Tursti til Solfjell frå Uskedalen.
I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad.
Rett ved Fv 500 i Uskedalen sentrum.
Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.