Tursti til Ulvanosa, Geitadalstinden og Høgetinden frå Uskedalen, Kvinnherad

Legg til huskeliste
Annonse
  • Svært krevende fottur
  • 12,8 km
  • 8 t
  • Rundtur
  • 1351 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Øvre Haugland, ved bru over Uskedalselva.
  • Merking: Skilt og informasjonstavle ved P-plassen. Enkelte T-ar langs skogsvegen. Stien er T-merkt frå kalkestasjonen ved enden av vegen.
  • Høgdeskilnad: 80 – 1.248 moh.

.

TUROMTALE

Ein går over brua og følgjer skogsvegen til venstre. Etter vel ein km kjem ein fram til Uskedalen elveeigarlag sin kalkestasjon. Herfrå går det sti oppover Galtaryggen. 

Dette var tidlegare krøterveg for å driva husdyr til setra oppe på Låganosa, 540 moh. Fleire stader kan ein sjå restane etter steintrapper. Oppe på Låganosa flatar terrenget ut, og langs bekken her er fine teltplassar. 

Eit stykke ovanfor Låganosa kjem ein til eit vegskilje der ein anten kan ta turen over Geitadalstinden, eller til høgre direkte til Høgetinden. Geitadalstinden er ein alpin fjelltopp som må frårådast for dei som ikkje likar høgder. Siste del av oppstiginga er bratt og luftig, gjerne kalla Mini-Besseggen. Her går det ei alternativ rute til høgre som er meir skjerma. 

Frå toppen er det storslegen utsikt i alle retningar. Ein kan nyta landskapet frå isbre til ope hav. Nordover kan ein sjå Bergensfjella, som t.d. Ulriken. Vågar ein seg ut på kanten, kan synet nesten ta pusten frå ein. Her er det stupbratt utsikt ned til Musland meir enn 1.000 høgdemeter lenger nede. Dei bratte fjellsidene her er attraktive klatreområde. 

For å koma frå Geitadalstinden til Høgetinden følgjer ein T-merkt rute 100 høgdemeter ned i skaret mellom toppane. Ein brukar ca 1 time frå topp til topp. 

Høgetinden, 1.248 moh., er det høgste fjellet i distriktet som ligg så langt ut mot kysten, og har som Geitadalstinden, storslegen utsikt. 

Heilårstur - ein vårtur på ski frå Tveitedalen/Utåker til Ulvanosa kan anbefalast.

GODE RÅD

  • Seint på sommaren, når snøen er smelta, kan det vera lite vatn å finna over 500 meters høgd. 
  • OBS: I den tida det ligg snøfonner på Høgetinden, skal ein vera svært varsam med å bevega seg ut mot kanten. Snøfonnene er ofte overhengande og kan rasa ut.
  • Frå Høgetinden kan ein følgja den merkte ruta ned til Tveitedalen, Utåker. Sjå turomtalen: Tursti til Ulvanosa / Høgetinden frå Utåker
  • I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Frå Fv 500 tek ein av på veg skilta mot Musland. Etter ca 4 km er det P-plass ved bru over Uskedalselva mot høgre til skogsveg.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse