Tursti i Søralløypa og golfbanen på Husnes, Kvinnherad

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 6,1 km
  • 1 t, 30 min
  • Rundtur
  • 79 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Start- og sluttpunkt:

Dette er ein enkel rusletur der du kan starta/slutta forskjellige stader:

  1. Hydro Husnes post vest (forbi avkjørsla til Husnes Båthamn). 
  2. Opsangervatnet bak bensinstasjonen Circle K.
  3. Hydro Husnes, parkeringsplassen ved administrasjonsbygget. 

Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst på sida.

.

TUROMTALE

Omtalen nedanfor er tur/retur P-plass ved Hydro Husnes hovudport vest.

Ta til venstre på grusa sti ved avkøyrsle til Husnes Båthamn, over Stabburshaugen og ned til Opsangervatnet. Ein anbefalt tur/retur herfrå er å gå sørvestover frå innkøyrsla til Circle K, langs Opsangervatnet gjennom parken, forbi campingplassen og roklubben og utover Kaldaneset. Søralløypa går vidare på fortau austover til rundkøyringa ”Samspel” og derfrå nord mot Hydro Husnes sitt adminstrasjonsbygg. 200 meter før P-plassen, ta til høgre på tilgrodd skogsveg opp til riksvegen. Nordover langs riksvegen 400 meter til rasteplass og derfrå 300 meter til busstopp der skogsveg til venstre fører ned att til Hydro sitt administrasjonsbygg. Herfrå attende langs fortauet og inn til høgre på grusa sti langs gjerdet mot Hydro. Attende til P-plass langs den 1066 meter lange omnshallen.

Fin tur for elektrisk rullestol og med vegar og stiar som høver for lette sko. 

I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Parkering: 1. Søral hovudport vest. 2. Bak Circle K. 3. Hydro Husnes ved administrasjonsbygget.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse

on the path