.
Etter 1 km på skogsveg frå parkeringsplassen går stien til venstre inn i skogen. På Bjellandsneset ligg gravrøysa Storarøyso frå bronsealderen, og heilt ytst er det no sett opp ein fin gapahuk der det eignar seg å ta ein kvilepause.
Vidare går ein framom Krabbahopen i Åskesvikjo, som er ein fin raste- og badeplass, og attende til skogsvegen og parkeringsplassen. Dette er ein idyllisk rundtur i typisk vestnorsk skogsterreng, i nærkontakt med Husnesfjorden.
Køyr over brua i Sunde sentrum og mot høgre fram til vegkryss som er skilta mot venstre til Bjelland. Følg Bjellandsvegen til første sideveg til høgre på bakketopp, Vardhaugvegen. Ved enden av Vardhaugvegen, gjennom eit lite bustadfelt, er det P-plass for 3-4 bilar der skogsvegen startar.