Tursti til Mjelkhaug frå Husnes, Kvinnherad

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 10,8 km
  • 5 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 960 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Husnes Vassverk, 300 meter nord for rundkøyringa på Helland.
  • Merking: Informasjonstavle ved P-plassen. Stien er T-merkt og skilta.
  • Høgdeskilnad: 50 – 1.005 moh.

.

TUROMTALE

Gå over brua sør for vassverket, passér første sti-dele, og gå vidare til nytt sti-dele høgare oppe der ein tek til høgre på sti merkt Mjelkhaug. Etter kvart bratt opp Hellandslia til 600 moh. der lendet flatar ut før bratt opp mot Mjelkhaug.

Frå toppen er det utsikt over store deler av Sunnhordland, med havet og fjorden mot sør og vest, Manen, Englafjell og Rosendalsfjella mot nord, Ulvanosa mot aust.

GODE RÅD

  • Frå toppen bør ein ta turen bort til Mjelkhaugsteinen som ligg ca 300 meter aust for varden. Steinen er synleg frå havet og vart i gamle dagar nytta som seglingsmerke. Den er ca. 12 m lang, 7 m brei og 7 m høg.

Alternative returstiar:

Adkomst med egen bil

Ved Husnes Vassverk tett ved Fv 500, 350 m nord for rundkøyringa ved Hellandsbrua, Husnes

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse

on the path