Tursti til Mjelkhaug frå Husnes, Kvinnherad

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 10,8 km
  • 5 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 2392 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Husnes Vassverk, 300 meter nord for rundkøyringa på Helland.
  • Merking: Informasjonstavle ved P-plassen. Stien er T-merkt og skilta.
  • Høgdeskilnad: 50 – 1.005 moh.

.

TUROMTALE

Gå over brua sør for vassverket, passér første sti-dele, og gå vidare til nytt sti-dele høgare oppe der ein tek til høgre på sti merkt Mjelkhaug. Etter kvart bratt opp Hellandslia til 600 moh. der lendet flatar ut før bratt opp mot Mjelkhaug. 

Frå toppen er det utsikt over store deler av Sunnhordland, med havet og fjorden mot sør og vest, Manen, Englafjell og Rosendalsfjella mot nord, Ulvanosa mot aust.

GODE RÅD

  • Frå toppen bør ein ta turen bort til Mjelkhaugsteinen som ligg ca 300 meter aust for varden. Steinen er synleg frå havet og vart i gamle dagar nytta som seglingsmerke. Den er ca. 12 m lang, 7 m brei og 7 m høg.

Alternative returstiar:

  • Det er merkt sti frå Mjelkhaug nordover til Svartavatnet, derfrå kan ein gå ned via Bremstølsvatnet. Sjekk denne: Tursti til Svartavatnet frå Husnes
  • Før siste oppstigninga til Mjelkhaug er det frå Husnesstien merkt sti over Svaneheia til Nordfjell. Det er såleis mogeleg å leggja ein retur den vegen: Tursti til Nordfjell frå Husnes
  • Eller ein kan også gå merkt sti via Vardhaugselet: Ta av retning Valen ved stiskille ca 400 meter nedanfor toppen av Mjelkhaug, sjå Tursti til Vardhaugselet frå Husnes
  • I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Ved Husnes Vassverk tett ved Fv 500, 350 m nord for rundkøyringa ved Hellandsbrua, Husnes

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse