Tursti til Nordlifjell frå Rosendal, Kvinnherad

Legg til huskeliste
Annonse

Parkering, start- og sluttpunkt: Kvinnherad kyrkje.

Merking: Skilt til Kvinnherad kyrkje frå kaiområdet i Rosendal. Skiltsøyle ved kyrkja, følg skilt Skålafjell/Kjeldestøl. Frå Åsvodl skilt til Nordlifjell. T-merkt frå skiltsøyle 100 meter før vegenden.

Høgdeskilnad: 40 – 972 moh.

Turomtale: Frå P-plass ved kyrkja 500 meter til snuplass med informasjonstavle 150 meter før vegbom på Bjørke. Derfrå grusveg 3 km til skiltsøyle 100 meter før vegenden. Herfrå er ruta T-merkt, først på skogsveg og så på sti til overgangen mot fjorden. Oppe på fjellryggen møter vi dei T-merkte rutene som kjem frå Vevik, Sjethaug, Åsvodl eller Kjeldestøl. Vidare langs fjellryggen til Nordlifjell.

Dersom du ynskjer å leggja tur eller retur via Kjeldestøl, finn du meir informasjon på denne linken: Kjeldestøl 

Gode råd: Frå Nordlifjell er det også T-merkt sti ned til Myrdalsvatnet og langs vatnet til vassosen. Grusveg 4,7 km til Kletta. Bruk fantasien for å setja saman interessante turar. Ein vårskitur til Nordlifjell kan også anbefalast, sjå bilete.

I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Følg skilt frå kaiområdet i Rosendal til P-plass ved Kvinnherad kyrkje.

Adkomst med kollektivtransport

Annonse