Rundtur til Trollåsen på Halsnøy, Kvinnherad

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    7,3 km
    4 timer
    Rundtur
  • Sesong
    Hele året
  • Turkart: Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000. Kartet er til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg. Du finn eit pdf-kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: P-plassen ved Sydnes ferjekai. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.
  • Merking: Informasjonstavle ved start. Skilta og T-merkt.
  • Høgdeskilnad: 3 - 112 moh.

.

TUROMTALE

Frå ferjekaien går ein opp forbi den nær 50 meter lange Langrøysa frå bronsealderen, den ligg berre 30 meter frå kaien. Sørom røysa går merkt sti sørover og opp til jernaldergravrøysa på Svehaug, forbi ein husmannsplass på staden, og vidare nordaust til gardsveg/skogsveg. Følg denne 150 meter søraustover til markert bøgard og skogsvegkryss. Følg merkt løype til idyllane (K)Narravik, Hatlevik og Bekkjarvik, med mange kulturminne undervegs. Løypa kjem opp i skogsvegen igjen i Bekkjarvik, og følgjer denne vegen søraustover til kort sti opp til Lyhaughelleren

Skogsvegen til venstre austover er snaraste vegen til Trollåsen. (Denne kan nyttast som snarveg på retur frå Lyhaughelleren.) 

Under helleren var det truleg buplass i steinalderen, og det er no ein ypperleg rasteplass. Følg merking frå helleren opp på heia og nordover til Trollåsen. Det er bilete, informasjon og segna om Trollåsen oppslegne på plakatar på toppen. 

Frå Trollåsen kan du sjølvsagt gå same vegen attende. Men for å få ein rundtur kan du gå vidare på merkt sti over rindane nordvestover og ned mot idylliske Dottatjørnane, der det ligg rasteplass med gapahuk og bålpanne. Derfrå tek du skogsvegen attende mot Sydnes.

GODE RÅD

  • Dette er ei relativt tørr rute, men våte parti kan førekoma. 
  • I omådet er det uvanleg mange kulturminne. Turen tar lenger tid dersom det blir mange stopp ved kulturminna i rundløypa langs vikane i sør.

Slik kommer du deg dit

Adkomst mulig med

  • Kollektivtransport

Adkomst

Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Sydnes. Følg vegen til Sydnes ferjekai og parker der.

Annonse