Tursti til Håfjellet på Halsnøy, Kvinnherad

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    2,6 km
    1 time, 30 minutter
    Turen går tur/retur samme vei
  • Sesong
    Hele året
  • Turkart: Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst. Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000. Kartet er til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg. 
  • Parkering, start- og sluttpunkt: P-plass ved Gravdalsvatnet, på vegen mellom Gravdal og Sjøvangen (Sjoangjo). Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida ...
  • Merking: Informasjonstavle ved P-plass. Stien er skilta og T-merkt.
  • Høgdeskilnad: 80 - 220 moh.
  • Tidsbruk: 1.5 time t/r til Håfjellet. 3,5 time ved lang rundtur om Tjobergshaugen.

.

TUROMTALE

Frå P-plassen går ein 100 meter på skogsveg opp til ei lita høgd der stien tek av mot venstre. Ta gjerne ein pust i bakken på bergflatene ved Breidablikk (sjå bilete). Stien kjem opp til toppen frå nordaust. 

GODE RÅD

  • Frå Håfjellet kan alternativ retur vera ned mot aust til P-plassen, først på sti og så på skogsveg. Følg då merking mot Tjobergshaugen ned til stidele og så mot venstre til skogsveg. Frå der skogsvegen kjem ned på hovudvegen, er det om lag 200 meter nordover attende til P-plassen. 
  • Stien til Tjobergshaugen går sørvestover frå stidelet. Oppgangen til Tjobergshaugen frå aust er bratt. Frå Tjobergshaugen kan ein gå den lange rundturen om skytebanen attende til P-plassen ved Gravdalsvatnet. Bruk fantasien for å leggja opp interessante turar. Tursti til Tjobergshaugen
  • Det er merkt løype mot vest ved nordfoten av Tjobergshaugen, til møtes med stien frå skytebanen. Då kan ein gå opp på haugen derifrå.
  • Delvis våt og fuktig sti, bruk eigna fottøy.

Slik kommer du deg dit

Adkomst med egen bil

Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Høylandsbygd. I krysset ved den krappe venstresvingen i Gravdal, ta av til høgre mot Sjøvangen. Køyr oppover den lange bakken og langs Gravdalsvatnet til liten P-plass på høgre side av vegen ved sørenden av vatnet.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse